TIL SALS: Coop vil selja 103 butikkar på 102 stadar i Noreg for å få lov til å ta over ICA Norge. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
TIL SALS: Coop vil selja 103 butikkar på 102 stadar i Noreg for å få lov til å ta over ICA Norge. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Coop tilbyr seg å selja butikkar i Øvre Årdal

Coop vil kvitta seg med 103 butikkar på 102 stadar i Noreg.

Ein av desse plassane er Øvre Årdal. Det var E24 som først skreiv om at Coop vil kvitta seg med 103 butikkar i Noreg for å få lov til å ta over ICA Norge.

– Me ønskjer ikkje dette, men på bakgrunn av signala me har fått frå Konkurransetilsynet, meiner dei at vår konkurransekraft blir for stor på desse områda, seier kommunikasjonssjef i Coop Kristin Paus til Porten.no.

I Årdal eksisterer det per i dag fem daglegvarebutikkar frå fire ulike kjeder. I Øvre Årdal er tre av kjedene representert i Kiwi, Coop Extra og Rimi. Dei to sistnemnde vil Coop vera eigarar av dersom konkurransetilsynet godkjenner kjøpet av ICA Norge, som Rimi tilhøyrer.

– Så me har føreslege ei liste med 103 butikkar til Konkurransetilsynet, og dette er eit forslag. Det er ikkje slik at me sel ein Coop-butikk for å få ein ICA-butikk.

Coop og Rimi

RIMI: I Øvre Årdal vil konkurransekrafta til Coop bli for stor dersom dei eig Coop Extra og Rimi. Arkiv
RIMI: I Øvre Årdal vil konkurransekrafta til Coop bli for stor dersom dei eig Coop Extra og Rimi. Arkiv

I eit brev forfatta av advokatfirmaet Wiersholm forpliktar Coop seg å selja butikkane som operative einingar, noko som vil seia alle kontraktar som er naudsynte for å driva butikkane vidare.

Med andre ord vil sannsynlegvis anten Rimi eller Coop Extra forsvinna frå Øvre Årdal fordi tilsynet meiner Coop vil bli for store.

Berre eit forslag

Paus vil ikkje gå i detalj kva butikkar dette gjeld og seier ho ikkje kjenner den lokale marknaden godt nok til å kommentere i Øvre Årdals tilfelle. 

– Det er eit forslag og inga endeleg liste. Det er difor me ikkje ønskjer å gå ut med noko namn. Det kan koma endringar, seier ho.

I Årdal har Coop også investert store summar i Årdalssenteret som i tillegg til Coop Extra husar fleire butikkar. Ifølgje Paus vil planane om sal berre råka daglegvarebutikkar.

– Det blir veldig hypotetisk, men ICA er berre daglegvare, så det her skal ikkje få følgjer for andre enn daglegvarebutikkar. At dette skal ha noko å seia for andre, kan eg vanskeleg sjå føre meg, forklarar Paus.

Ventar på godkjenning

KOMMUNIKASJONSSJEF I COOP: Kristin Paus.
KOMMUNIKASJONSSJEF I COOP: Kristin Paus.

Det var i oktober i fjor det blei klart at Coop skulle overta 500 ICA-eigde butikkar i Noreg til ein verdi av 2,5 milliardar svenske kroner. 

Saka har sidan vore inne hjå Konkurransetilsynet som må godkjenne kjøpet. Svaret er venta innan 4. mars. 

Fagsjef for varehandel ved BI, Odd Gisholt, seier til E24 at han er overraska over dette grepet frå Coop og seier han er i tvil om at dei får selt så mange butikkar.

– Viss dei skal betala 2,5 milliardar for 530 butikkar, og no må selja ut over 100 av dei, kan det verka som det var for dyrt å kjøpa Ica Norge AS, seier han.

Norgesgruppen interessert

I Norgesgruppen har dei uttrykt ei vilje til å kjøpe desse butikkane dersom Konkurransetilsynet opnar for det. 

Det vil uansett ikkje løyse situasjonen i Øvre Årdal sidan dei allereie har ein Kiwi-butikk her. 

 

Til toppen