FLEIRTAL RØYSTA FOR FUSJON: Då 25 røysta for fusjon, medan tre røysta imot, vart det klart at Coop Vest og Coop Orkla Møre saman skal danne Coop Nordvest.
FLEIRTAL RØYSTA FOR FUSJON: Då 25 røysta for fusjon, medan tre røysta imot, vart det klart at Coop Vest og Coop Orkla Møre saman skal danne Coop Nordvest. (Foto: Coop Vest SA)

Coop Vest og Coop Orkla Møre fusjonerar

Den nye handelsgiganten har fått namnet Coop Nordvest

Indre Sogn: Under årsmøte på Skei tysdag, valde Coop Vest og Coop Orkla Møre å fusjonera etter eit stort fleirtal sa ja, melder dei i ei felles pressemelding tysdag kveld. 

Den nye giganten har fått namnet Coop Nordvest, og med 144.000 medlem og 2300 tilsette i 140 butikkar strekk han seg frå Sogn til Trøndelag.

– Det er i framtida moglegheitene ligg. No var det rette tidspunktet å gjere vedtaket på. Vi må vurdere situasjonen for Coop Vest i dag, opp mot det den kunne bli om nokre år, om vi skulle halde fram som eige lag, seier styreleiar Wilhelm Gjertsen, nestleiar i styret for det nye Coop Nordvest. 

– Større økonomiske musklar 

Kvardagen byr på stadig nye utfordringar og hard konkurranse, seier Gjertsen i pressemeldinga. 

– Ut frå dette, og det som er nedfelt i fusjonsplanen og det så kalla mogelegheitsstudiet, er det vi har oppnådd veldig bra. Det er ein sterk og god start for Coop Vest sine interesser i det nye Coop Nordvest, seier Gjertsen.

Viktige moment for fusjonen var at dei saman ønskte å oppnå større økonomiske musklar, meir kompetanse, større gjennomslag i Coop-systemet nasjonalt og trygging av verdiar og arbeidsplassar, skriv dei. 

Mange små butikkar

Under møtet vart det påpeika at Coop Vest og Coop Orkla Møre er to like selskap. Dei har begge mange små butikkar, ifølgje pressemeldinga. 

Og ifølgje Gjertsen skal ingen miste jobben som følgje av fusjonen.

– Coop Nordvest får i alt 52 Marked-butikkar og blir desidert størst i Coop i den kjeda. Dette gjev større slagkraft for dei minste butikkane våre, og det vil styrke distrikta, seier Gjertsen.

Til toppen