Crossmiljøet har fått oppsving med ny bane

På den nyleg ombygde crossbana på Kaupanger er det for tida stor aktivitet, med utøvarar heilt ned i femårsalderen. Sjå bilete frå køyringa i helga!

Kaupanger: Røykskyen står og det summar i hissige motorar når eit tjuetals unge motorcrossarar skrensar rundt bana på kaupangerskogen. Her køyrer dei fast tre dagar i veka på ei bane som i år framstår som ny. 

– Me bygde ho om i vinter. Då dobla me køyrelengda, gjorde ho breiare, kort og godt berre laga ho større, seier Yngve Dahl i Sogn motorsportklubb.

Les også: Heftig sirkus for bilgalne: – Dette er årets happening
Les også: Han byggjer ny bil heilt frå grunnen av

Utøvarane er frå fem år til tretti pluss, med hovudtyngda mellom sju og tretten år. Å sleppe laus såpass unge adrenalinjegarar har han ingen motførestillingar mot. 

– Det går heilt fint, seier han og minner om at dei har ei eiga bane for dei aller minste, den òg ny av året. 

Dei fleste vaksne i klubben har vore motorsykkelinteresserte heile livet. Det kan vere greitt når poden får motorstopp midt i treningsøkta.

– Men det er ikkje noko must for å vera med. Det er mange som er med som ikkje har erfaring frå tidlegare. Her kjem du til eit miljø der du kan få gode råd, seier Dahl. 

Samstundes har klubben kjøpt inn tre syklar for å auke rekrutteringa, med støtte frå ei bankstifting og det lokale næringslivet.

– Det er noko du absolutt må ha for å få stabla eit miljø på beina, seier Dahl.

Til toppen