CRUISEGURUAR: Arthur Kordt, dagleg leiar i Turistutvikling AS (t.h.) og Ole Heggheim, styreleiar i Cruise Venture AS i Habben. Her vil cruiseturistar koma i land via ein seawalk frå 2018 av om det går som dei to håpar. Foto: Ole Ramshus Sælthun
CRUISEGURUAR: Arthur Kordt, dagleg leiar i Turistutvikling AS (t.h.) og Ole Heggheim, styreleiar i Cruise Venture AS i Habben. Her vil cruiseturistar koma i land via ein seawalk frå 2018 av om det går som dei to håpar. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Cruise i Lærdal: – Spennande, men fort at alle seier «halleluja»

Kåre Mentz Lysne fortel Arbeidarpartiet er positive til å sjå nærare på ei cruisesatsing i Lærdal, men framhevar at alle sider må belysast.

Lærdal: – Arbeidarpartiet er ikkje imot dette, og me stiller oss positive til at Lærdal Næringsutvikling lagar eit forprosjekt på ei eventuell cruisesatsing, seier Kåre Mentz Lysne,

Kommunestyrerepresentantane fekk torsdag presenterte ei mogleg cruisesatsing i Lærdal.

NRK fortalde at dagleg leiar i European Cruise Service, Arthur Kordt skulle vitja lokalpolitikarane. Kordt kom, og han hadde med seg styreleiar i Cruise Venture AS, Ole Heggheim.

Kan få dei første anløpa i 2018

Presentasjonen gjekk føre seg bak lukka dører, men etterpå snakka dei to cruiseguruane med pressa om kva dette er.

LUKKA: Innsalet av ei cruisesatsing for kommunestyret i Lærdal, gjekk bak lukka dører.
LUKKA: Innsalet av ei cruisesatsing for kommunestyret i Lærdal, gjekk bak lukka dører.

– Me var i kommunestyret for å tilby ei cruisehamnløysing. Det kan bli snakk om femti cruiseanløp i året, og det kan me få til innan ei rimeleg kort tidsramme. Alt i 2018 kan me få til ti anløp om Lærdal vil dette, seier Kordt, som også er dagleg leiar i Turistutvikling AS.

Medan Turistutvikling AS med Kordt i spissen står for heilskapen i dei gryande planane, leverer Cruise Venture AS sjølve kaien - ein såkalla seawalk der turistane spaserer frå skipet og inn på land. 

– Dette er mykje rimelegare enn vanleg kai, godt under halve prisen. Og ein slik seawalk er heilt miljøvennleg, seier Heggheim i Cruise Venture AS.

Lysne i Ap fortel cruisekarane var ivrige overfor kommunestyret.

– Det er klart dei vil dette for å tena pengar, ikkje først og fremst som samfunnsnytte. Men det kan vera ein vinn-vinn-situasjon. No har me fått deira framstilling, som er subjektiv. Det blir spennande å sjå kva den objektive analysen LNU skal gjera endar med.

– Me har mange små tog

Ein stor vinst Lysne ser ved å gjera Lærdal til cruisedestinasjon, er at den passar godt inn i eksisterande turisme. 

SPENNANDE: Kåre Mentz Lysne og Arbeidarpartiet tykkjer cruise høyrest spennande ut, men vil ha ei mogleg satsing god belyst.
SPENNANDE: Kåre Mentz Lysne og Arbeidarpartiet tykkjer cruise høyrest spennande ut, men vil ha ei mogleg satsing god belyst.

– No kjem turistane i bussar om kvelden og reiser vidare om morgonen. På dagtid er gatene meir eller mindre tomme. Det er klart at å få tusenvis av turistar hit som vandrar rundt om i gatene på dagen vil vera positivt.

At turistattraksjonane i Lærdal vil få seg ein boost med cruiseturisme er han heller ikkje i tvil om.

– Villakssenteret, stavkyrkja, dei gamle vegane, Gamle Lærdalsøyri og fjella våre. Flåm har jo hatt Flåmsbana - det er lokomotivet der, og hovudårsaka til at så mange kjem. I Lærdal har me ikkje eit slikt stort lokomotiv, men mange små tog.

Både godshamn og cruisekai? 

Visjonar om kai eller hamn i Lærdal kom fram på førsommaren.

Cruisekai var så vidt nemnd, men først og fremst snakka ein om godshamn for tømmertransport i Erdal. Og å knyta denne saman med planane for næringsutvikling i Håbakken.

Les også: Vil byggja ei svær hamn i Erdal

– Lærdal ligg geografisk plassert midt i landet med tilknyting til den lengste fjorden og E16 i tillegg til at me ligg midt mellom Oslo og Bergen, sa ordførar Jan Geir Solheim om planane då.

No kjem altså cruisekai i Habben ved Lærdal hotell opp.

– Snakkar me både-og eller anten-eller, Kåre Mentz Lysne?

– Dette skal Lærdal Næringsutvikling gjera ei drøfting på. Kan me ha begge deler, eller vil det eine øydeleggja for det andre? Me har ikkje svaret no. Dette med cruisekai har kome veldig fort.  

Til toppen