MILJØREGLEMENT: Eit miljøreglement for cruiseskip i verdsarvfjordane kan få store konsekvensar for næringslivet i Aurland viss mange skip blir nekta.​ Foto: Jan Christian Jerving.
MILJØREGLEMENT: Eit miljøreglement for cruiseskip i verdsarvfjordane kan få store konsekvensar for næringslivet i Aurland viss mange skip blir nekta.​ Foto: Jan Christian Jerving. (Foto: Jan Christian Jerving)

Cruisereglar kan koste Aurland dyr

Eit miljøreglement for cruiseskip i verdsarvfjordane kan få store konsekvensar for næringslivet i Aurland viss mange skip blir nekta.

Aurland: – I år kjem det 142 skip med cirka 250.000 passasjerar til Flåm. Reknestykke som er gjort, viser at kvar passasjer i snitt legg igjen 800 kroner. Med ein reduksjon på 25 prosent er inntektstapet 50 millionar. Enda færre skip vil svekkje inntektene ytterlegare, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland kommune til NTB.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) har bedt Sjøfartsdirektoratet om å lage eit regelverk for skipstrafikken i Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og den inste delen av Tafjorden. Regelverket skal få ned utsleppa av nitrogendioksid og svovel, og det skal bli forbod mot å tømme kloakk. Reglane skal vere klare innan utgangen av neste år og kan dermed påverke cruisetrafikken så tidleg som sommaren 2019. Bortimot halvparten av skipa som seglar inn i dei norske fjordane, er bygde før år 2000, da det vart innført strengare miljøkrav, skriv NRK.

– Vi synest det er viktig å fokusere på miljøet og synest det er positivt med det arbeidet som er gjort for å registrere utsleppa for å få fakta på bordet, men strengare reglar må vere nasjonale reglar, seier Distad.

Kommunen strekar under at regelverket fører til at konkurransen om cruisegjestene blir urettferdig viss ein del av hamnene skal ha strengare reglar enn andre.

Bellona har applaudert tiltaket til regjeringa.

– Vi kan risikere å miste verdsarvstatusen, og da mistar vi òg forretningsgrunnlaget i desse områda, seier seniorrådgivar Jan Ketil Paulsen i Bellona til NRK.

(©NPK)

Til toppen