HEIT KANDIDAT: Dersom Oddvar Røysi gjer alvor av å rive cruisesatsinga i Skjolden, er Seawalk i Amlabukti i Sogndal det føretrekte alternativet. 
HEIT KANDIDAT: Dersom Oddvar Røysi gjer alvor av å rive cruisesatsinga i Skjolden, er Seawalk i Amlabukti i Sogndal det føretrekte alternativet. 

Cruisesatsinga til Røysi er framleis heilt i det blå

Investor Oddvar Røysi held korta tett om cruiseplanane framover, både når det gjeld den annonserte rivinga i Skjolden og om ei eventuell satsing i Amlabukti i Sogndal.

Sogndal/Skjolden: Det har gått ein månad sidan sjokknyheita kom om at Oddvar Røysi ønskjer å rive ned alt han har bygd opp rundt cruisesatsinga i Skjolden.

Ivar Kvalen, ordførar i Luster, seier han ikkje har høyrt noko frå investoren sidan den gong.

– Det har vore heilt stilt. Men eg håpar at han har lagt vekk dei planane og at me kan koma inn på eit meir konstruktivt spor, seier han.

Les også: Røysi vil rive investeringane i Skjolden
Les også: Dette meiner politikarane om cruise i Sogndal

Kommunen ventar på svar

Som kjent har investor Oddvar Røysi bedt om eit møte med Sogndal kommune, der han ønskjer å diskutere moglegheitene for ei cruisesatsing i Amlabukti på Kaupanger. Kommunen har takka ja til eit slikt møte og ventar berre på at Røysi skal følgje opp med forslag til dato.

Sjølv vil ikkje Røysi seie noko om kva planane er framover, verken om rivingsplanane i Skjolden og utviklinga i Amlabukti. Det einaste han delvis svarer på er om utsiktene for eit møte med Sogndal kommune.

–  Vi ser på moglegheitene. Men alt har si tid, alt skal passe inn i eit totalsystem, seier han.

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, seier det viktigaste for dei er å stø opp om cruisesatsinga i nabokommunen. Samstundes ser han fram til å diskutere eventuelle andre planar med Røysi.

– Viss me kan vera eit supplement for å styrke Skjolden, så er me meget positive til det, ordførar Aarvoll. 

– Amlabukti har klare avgrensingar

I det opprinnelege brevet til kommunen skreiv Røysi at han i første omgang ser for seg å installere ein "operativ tender" i fjorden. Med ei slik løysing treng ikkje skipa leggje til kai på tradisjonelt vis, men kan ankre opp i bukta, medan turistane blir frakta til og frå med anten båt eller helikopter.

I det same brevet skriv Røysi at han helst ser for seg ein landbasert Seawalk, ei slags flytande gangbru som mellom anna er brukt Skjolden og Geiranger.

Meir enn det har verken rådmannen eller ordføraren fått vite. 

– Det vi veit at at Amlabukti har klare avgrensingar når det gjeld storleiken på cruiseskipa den kan ta imot. Og vi veit kva infrastruktur vi har i dette området i dag. Så dersom det blir ei aktuell problemstilling å gå vidare med dette, så er det mange slike tilhøve som må avklarast nærare, seier rådmann Aanestad.

Trur helikopterskyss ligg langt fram i tid

Lufthamnsjef Svein Sanden er i utgangspunktet interessert i alt som kan auke aktiviteten hos dei. Han seier han har snakka med Røysi om planane om å bruke flyplassen på Haukåsen som ein base for helikopterskyss av cruiseturistar. Men det er mange hinder på vegen.

– Dette er nok litt høgt opp og langt fram, seier han. 

Ikkje berre må helikopterplanane godkjennast av luftfartstilsynet og andre godkjenningsinstansar. Først må politikarane i Sogndal seie at dei ønskjer ei slik satsing. Og ikkje minst:

– Ingenting av dette er aktuelt før Røysi endrar destinasjonen for cruisetrafikken sin til Amlabukti. Førebels så eg forheld meg berre til det Sogndal kommune kjem fram til. Så får vi ta det andre etterkvart, seier Sanden.

 

Til toppen