HISTORISK GJENG: Her er gjengen som skreiv fotballhistorie med Sogndal på Ullevål i 1976. Bak frå venstre: Ingvar Stadheim, Johan Johannessen, Willy Ljøsne, Per Ingar Sviggum (trenar), Torgeir Strypet, Terje Nysæther, Jermund Skartun, Kjell Ove Fardal, Jon Navarsete. Framme frå venstre: Magdalon Sætre, Gunnar Sigmar Håre, Åge Harald Hauge, Rolf Navarsete, Torodd Helle, Knut Christiansen og Bjarne Ness (styremedlem). Foto: privat.
HISTORISK GJENG: Her er gjengen som skreiv fotballhistorie med Sogndal på Ullevål i 1976. Bak frå venstre: Ingvar Stadheim, Johan Johannessen, Willy Ljøsne, Per Ingar Sviggum (trenar), Torgeir Strypet, Terje Nysæther, Jermund Skartun, Kjell Ove Fardal, Jon Navarsete. Framme frå venstre: Magdalon Sætre, Gunnar Sigmar Håre, Åge Harald Hauge, Rolf Navarsete, Torodd Helle, Knut Christiansen og Bjarne Ness (styremedlem). Foto: privat. (Foto: Privat)

Cupheltane tilbake der eventyret starta

I 1976 sjokkerte Sogndal fotballnorge med å ta seg til finalen i cupen. I helga var legendene samla for å minnast bragden. – Lagkjensla er den same, seier ein av dei.

Oslo: Verken før eller seinare har eit lag frå tredje nivå i norsk fotball greidd å ta seg til cupfinalen. Men det 76-laget til Sogndal gjorde nettopp det.

– Eg trur dei fleste av oss hugsar kvar detalj frå den kampen. Det sit spikra, seier Jon Navarsete, om det legendariske oppgjeret mot storebror Brann. Askeladden tapte, men i realiteten var det berre starten på fotballeventyret.

– I ettertid har me skjøna at det handla om mykje meir enn fotball. Det gjorde mykje for sjølvkjensla til mange i fylket, seier Navarsete.

Les også: Sogndal kan gå forbi storebror
Les også: Sogndal er i rute til historisk prestasjon

HISTORISK MINNE: NRK-legenda Arne Scheie refererte frå cupfinalen på fjernsyn for første gong i 1976. Her får han ei signert trøye av Magdalon Sætre, ein av finaleheltane til Sogndal frå den gongen.
HISTORISK MINNE: NRK-legenda Arne Scheie refererte frå cupfinalen på fjernsyn for første gong i 1976. Her får han ei signert trøye av Magdalon Sætre, ein av finaleheltane til Sogndal frå den gongen.

Tragisk start på jubileumsåret

Planlegginga av jubileet starta for eitt år sidan. På den tida har sjølve maestroen i laget, Svein Bakke, gått bort.

Difor var det opplagt å innleie cupfinalehelga med ei lita minnestund ved Stedje kyrkje. Der vart òg lagt ned roser til ære for to andre avdøde legender: keeper Leon Hovland og trenar Arnor Svedal. Sistnemnde leia ikkje cupfinalelaget, men trente den same gjengen gjennom tre sesongar på syttitalet.

Les også: Eirik Bakke nominert til årets trenar

Laurdag var det klart for festmiddag med Arne Scheie som heidersgjest. Cupfinalen i 1976 var den første han refererte frå for NRK. Under middagen fekk han overrekt ei signert sogndaldrakt med talet 76 på ryggen.

– Han var heilt overgitt og synst nesten det blei for mykje. Han såg på det som ei ære å bli invitert, fortel Navarsete.

– No må me ha nye legender

Prikken over i-en på feiringa kom neste dag då Rolf Navarsete fekk Nikken-prisen for å ha vore med å byggje Sogndal Fotball til det klubben er i dag. Sidan 1976 har Sogndal halde stand på dei to øvste nivåa i norsk fotball.

– Det er ikkje mange som er klar over kor stor den prestasjonen er. Det er berre å sjå på korleis det har gått med Moss, Mjøndalen og Fredrikstad, store bylag me konkurrerer med, seier Jon Navarsete.

Les også: – Fantastisk moro å bli nominert til Nikken-prisen

Han er òg imponert over korleis Eirik Bakke, son til Svein, har styrt skuta dei siste to sesongane. Opprykket i 2015 vart etterfølgt av fornya kontrakt og imponerande takter i returen til eliten. Det kan vere nærliggande å tru at oppturen snart må ta slutt, men cupfinalehelten har tru på fleire spanade år framover.

– No må me ha nye legender. Det er tid for eit nytt løft og eg trur det er mogleg, seier han.

Til toppen