LÅGARE RESULTAT: Hydro melder at resultata i første kvartal for 2019 har gått ned samanlikna med i fjor. Årsaka er blant anna cyberangrepet dei vart utsett for i mars, og produksjonsbegrensinga ved Alunorte i Brasil.
LÅGARE RESULTAT: Hydro melder at resultata i første kvartal for 2019 har gått ned samanlikna med i fjor. Årsaka er blant anna cyberangrepet dei vart utsett for i mars, og produksjonsbegrensinga ved Alunorte i Brasil. (Foto: Sunniva Knutsen)

Cyberangrepet kan ha kosta Hydro 450 millionar i første kvartal

Cyberangrepet som råka Hydro 19.mars og produksjonsbegrensinga ved Alunorte-raffineriet i Brasil har påverka resultata for selskapet i første kvartal.

Indre Sogn: Hydros samla produksjonsvolum gjekk ned i første kvartal, samanlikna med same periode i fjor, melder selskapet i ei pressemelding tysdag. 

Der opplyser Hydro at cyberangrepet er antatt å få ein økonomisk effekt på 400-450 millionar kroner i første kvartal. 

– Cyber-angrepet som rammet oss den 19. mars har påvirket hele den globale organisasjonen, og det er Extruded Solutions som har vært hardest rammet både med tanke på driftsproblemer og økonomiske tap, seier konsernsjef Svein Richard Brandtzæg.

Utsette kravtalrapport grunna angrepet

Hydro opplyser at dei har inngått forsikringer mot framtidige cyberangrep hjå anerkjente forsikringsselskaper.

I tillegg til å ha kosta selskapet nesten ein halv milliard kroner, har selskapet kunngjort at dei utsett den fullstendige rapporten for første kvartal til 5.juni grunna angrepet. 

Ved Alunorte i Brasil har Hydro fått grønt lys frå miljømyndigheitene, medan domstolane nekta. No seier konsernsjef Brandtzæg at selskapet ser ei mogleg løysing: 

– Vi har sett en utvikling i Brasil i det siste som viser at vi nærmer oss en løsning når det gjelder produksjonsbegrensningen ved Alunorte, selv om tidspunktet fortsatt er usikkert.

I pressemeldinga opplyser selskapet at dei den 12. april sendte, saman med Ministerio Publico inn ein felles begjæring til den statlege domstolen i Brasil med søknad om å oppheva produksjonsbegrensninga. Begjæringa blir no handsama av retten.

Til toppen