ENGASJERT GJENG: 4. klasse på Hafslo barne- og ungdomsskule, samt kontaktlærar Norill Terese Norheim (til høgre bak).
ENGASJERT GJENG: 4. klasse på Hafslo barne- og ungdomsskule, samt kontaktlærar Norill Terese Norheim (til høgre bak). (Foto: Privat )

Då denne 4. klassen skulle læra om nettvett fekk læraren deira ein god idé

– Eg har sett fleire lærarar gjere dette på Facebook, så då ville eg gjere det òg, seier kontaktlærar Norill Terese Norheim.

Hafslo: Ho skreiv ein lapp, og la den ut på Facebook med følgjande tekst:

"4. klasse ved Hafslo barne- og ungdomsskule har om nettvett på skulen. Me lurer veldig på kor langt eit bilete kan spre seg på 24 timar ved hjelp av Facebook. Hjelp oss ved å dele dette biletet. Kommenter gjerne med kvar du er frå". 

Og dermed starta ballen å rulla. 

– No har det gått 24 timar, og me har telt opp resultatet, seier Norheim. 

1382 delingar på 24 timar 

Resultatet blei ikkje mindre enn imponerande. 

– Biletet har blitt delt 1382 gonger, det er 426 kommentarar, og det berre på eit døgn, fortel kontaktlæraren. 

Biletet blei fort delt både i bygder, fylke, innland, og utland. 

– Me har funne ut at det har spreidd seg til 21 land. Både Nord-Irland, Portugal, USA, Canada og Brasil er blant landa som biletet har blitt delt i. 

Det gav stor engasjement i 4. klassen på Hafslo. 

– Dei tykte det var veldig moro at det kom heilt ned til Brasil, og ikkje minst tykte dei det var stor avstand frå Noreg til Brasil. 

BILETET: Dette biletet blei fort delt på Facebook. Foto: Norill Terese Norheim

Ein del av pensum i IKT 

Ho fortel at mange av elevane reiste heim frå skulen på tysdag, og fulgte spent med på kor langt biletet spreia seg utover kvelden. 

– Dei fulgte nøye med saman med foreldra sine. 

Nettvett er ein del av pensum som elevane skal læra, og er noko av det dei skal gjennom i faget IKT. 

– Elevane skal få kunnskap om korleis dei skal vera på nettet, samt læra korleis dei skal handtera uønska hendingar på nett. 

Eit viktig prosjekt for elevane

Norheim fortel at delinga av biletet og den kjappe spreiinga har ført til at elevane har tenkt meir over dette med deling av bilete.

– Me er inne i ei tid der borna er på sosiale medium i yngre og yngre alder. No har dei lært at det er viktig å ikkje senda stygge bilete, og ikkje legga ut stygge bilete av andre. Når eit bilete som dette kan reisa heilt til Brasil, kan alle bilete reisa langt.

Ho understrekar òg at det vesle prosjektet har vore viktig for elevane. 

– Eg trur dei har skjønt meir om nettvett, og dei seier sjølv at det har vore veldig lærerikt. Dei ser at viss du legg ut noko på nett så kan det spreie seg fort, og at dei må tenkja over kva dei legg ut.

I skrivande stund har biletet over 1.500 delingar, og det held fram med å spreia seg for kvar time som går. 

Til toppen