JUBEL: Jentelaget ÅTIL 1 15/16år vann solid 7-0 over Ulvik søndag. Foto: Katrine Fredheim
JUBEL: Jentelaget ÅTIL 1 15/16år vann solid 7-0 over Ulvik søndag. Foto: Katrine Fredheim

Då er Norway Cup i gang

Fire lag frå Årdalstangen IL er i elden på verdas største foballturnering for barn og ungdom.

Årdaltangen IL (ÅTIL) stiller i år med fire lag som speler 7-ar fotball under Norway Cup. To av dei er jentelag på 15/16 år og to er gutelag på 16 år. Kampane starta søndag, medan finalane går av stabelen fredag og laurdag som kjem.

Slik har det gått til no: 

ÅTIL 1 jenter 15/16år vann første kampen mot Ulvik, 7-0, søndag. Andre kampen mot Søgne FK måndag, gjekk ikkje mykje dårlegare. Årdølene tok sigeren med stillinga 6-1. Dei leiar til no pulja med seks poeng etter to kampar, og er sikra ein plass i A-sluttspelet. Tysdag går siste kamp i pulja mot laget Flisa/Åsa/Hof, som avgjer om dei havnar som nummer ein eller to i pulja. 

Artikkelen held fram under biletet

I RAUDT: Jentelaget ÅTIL 1 15/16 år spelte med dei raude reservedraktene frå Årdal fotballklubb under kampen mot Søgne.
I RAUDT: Jentelaget ÅTIL 1 15/16 år spelte med dei raude reservedraktene frå Årdal fotballklubb under kampen mot Søgne.

Det andre jentelaget 15/16 år, ÅTIL 2, har til no spelt to kampar. Den første mot Tertnes 2 som enda uavgjort, 0-0. I den andre kampen mot Finnøy, tapte årdølene 0-4. ÅTIL 2 ligg på delt tredjeplass i pulja etter to kampar, med eitt poeng. Tysdag går siste kamp i pulja mot Ulefoss. 

Artikkelen held fram under biletet

I BLÅTT: Jenter 15/16år på ÅTIL 2 der Kaia Røneid kjempar om ballen mot spelarane frå Tertnes måndag.
I BLÅTT: Jenter 15/16år på ÅTIL 2 der Kaia Røneid kjempar om ballen mot spelarane frå Tertnes måndag.

Gutar 16 år på ÅTIL 1 spelte mot Nordstrand 99ers søndag. Her vart det tap for årdølene. Stillinga enda 1-4 til Nordstand 99ers. Derimot under andre kampen i turneringa var ÅTIL 1 suverene og vann over Blindheim Svart med stillinga 6-1. Etter to kampar ligg ÅTIL 1 som nummer to i pulja med tre poeng. No står det berre att ein kamp i pulja mot Øystese tysdag. 

Artikkelen held fram under biletet

KLAR TIL KAMP: Gutar 16 ÅTIL 1 gjer seg klare til kamp mot Blindheim Svart under Norway Cup 2015.
KLAR TIL KAMP: Gutar 16 ÅTIL 1 gjer seg klare til kamp mot Blindheim Svart under Norway Cup 2015.

Artikkelen held fram under biletet

Det andre gutelaget på 16 år, ÅTIL 2, vann sin første kamp mot Haugerud IF, med stillinga 6-3. I kampen mot Notodden måndag kveld vart det tap for ÅTIL 2 med stillinga 3-5. Dermed ligg dei som nummer tre i pulja, med tre poeng. Siste kampen i pulja speler dei mot Barkåker tysdag.   

ÅTIL2: Gutar 16 år på ÅTIL2 er Tobias Herstad (framme frå venstre), Emil Hillestad og Vegard Strand. Oscar Skjerping (øvst frå venstre), Hans Skogli, Sture Hovland, Albert H. Karlsen, Jakob Hovland, Håkon Hollevik, Ivar Skogli og Sigurd Hovland.

Tysdag blir det klart kva lag som går vidare til A- og B-sluttspel i turneringa. 

Resultata kan du følga med på her

Rekordmange lag

1639 lag er med under Norway Cup, noko som er ny rekord for fotballturneringa som blir arrangert for 43. gong, skriv fotball.no.

I overkant av 32 000 deltakarar frå 52 nasjonar skal i elden på Ekebergsletta og banane som ligg rundt, på det som blir omtala som verdas største fotballturnering for barn og ungdom i alderen 10 til 19 år. 

Har du tips? Send det til tips@porten.no, via SMS med kodeord PORTEN [di melding] til 1963 eller ring oss på telefon 480 13 131.

Bilete på Instagram merkar du med #mittporten

Til toppen