Sogndal: I førre veke dala den første snøen ned over skianlegget i Hodlekve. Det har fått det til å bruse i årene til dei største optimistane, blant dei dagleg leiar Per Odd Grevsnes i Sogndal skisenter.
– Viss me har det vêret som me har no og nedbøren kjem som snø, så skal me vera tidleg ute. Det er vi dønn motiverte for, seier han.

Då han vakna til snøfallet 24. oktober var han raskt ute i sosiale media og spådde rekordtidleg opning for vintersesongen. Sjølv om vêret ikkje er like samarbeidsvillig lenger, er ikkje optimismen særleg svekka.
– Viss du reiser heilt opp på toppen av heisen, så kan du gå på ski. Der er det heilt kvitt og dei ivrigaste har nok sikkert tenkt seg på tur snart. Men då kan du ikkje vera redd for skia sine, vedgår Grevsnes.
– Men me prøver å bygga forventningar no, slik at folk skal byrja å kjenna suget.
Det første dei kjem til å opna er langrennsløypene. Der er optimismen fundert i meir enn velviljen til vêrgudane, i år har dei nemleg planert ut traseane enno meir.
– Då skal det ikkje mykje snø til før me kan opna dei. Men det er eit stykke fram enno, for så lenge vi ikkje har kunstsnø, så er vi heilt avhengige av det som kjem ovanfrå, seier Grevsnes.
