I SALONGEN: Frisøren Anne Marie Solheim har Torbjørg Takle som kunde i salongen. Foto: Ina Eirin Eliassen
I SALONGEN: Frisøren Anne Marie Solheim har Torbjørg Takle som kunde i salongen. Foto: Ina Eirin Eliassen

Då kosar eg meg: Anne Marie Solheim

Kvar laurdag i sommar tar Porten.no seg ein lett sommarprat med innbyggjarar i Årdal eller Lærdal. Denne helga står Anne Marie Solheim (62) for tur.

Frisøren Anne Marie Solheim (62) har drive Anne Ma Frisørsalong på Lærdalsøyri i 42 år. Det er nok av dei eldste bedriftene i Lærdal. Anne Marie er gift med Jomar, og har tre tanteungar eller bonusungar som ho kallar dei. 

– Kva er favorittsysselen om sommaren? 

– Me har ein eigedom på Koksøy i Gulen, så då reiser me dit. Det gjer me ofte. Eg elskar å jobbe med ting som å snikre, måle og bygge. Me har bygd ei tømmerhytte og eit hus der. Det er ein hobby og i tillegg er det veldig god trim. Eg vil heller jobba, i staden for å betala for å gå på helsestudio.

– Kva er det beste du får på grillen?

– Det er fisk. Eg likar veldig godt sjølvfiska lyr som er steikt eller grilla. Ved sidan vil eg helst ha mine eigne økologiske grønsaker, som eg også dyrkar på Koksøy. 

– Kva irriterer deg? 

– Sure folk, eller rettare sagt negative haldningar. Det å ikkje gidde noko som helst, er det verste eg veit. ​Alle er flinke til noko. Det er ingen som er dumme og dårlege om dei berre vil bruka det dei har. Det viktigaste er å gjera ein innsats for samfunnet. 

– Kva imponerer deg? 

– Folk som står på og jobbar, slik at dei får til noko. Det gjeld uansett kva jobb det er. 

– Om du var einerådig ordførar, kva ville du endra? 

– Han har no vore flink ordføraren me har. Eg ville i alle fall teke vare på bygda vår og eg ville ikkje blanda oss i lag med Sogndal. Eg er imot samanslåing den vegen, då er det betre at me slår oss i lag med Årdal og Aurland. 

– Om du vann 10 millionar, kva ville du gjort? 

– Då ville eg først bygd ei bru med ein veg ut på Koksøy, så me slepp å bruka båt. Resten ville eg at tanteungane mine, som er i etableringsfasen, skulle hatt. Eg har ikkje bruk for noko av det sjølv. Eg er ikkje rik, men eg har alt eg treng og eg har det godt. Eg tykkjer luksus er noko tull. 

– Kva les du?

– Det er alt mogleg om korleis eg kan gjera ting betre på salongen. Dei første 20 åra i salongen jobba eg med ammoniakk og eg kjende kva det gjorde med kroppen min. Alt klokka 12 om dagane kjende eg meg trøtt og sliten fordi eg fekk i meg dunstane. Når eg innsåg at eg ikkje kunne drive på slik, gjekk eg over til naturprodukt. No har eg fantastiske dagar på jobb og eg står heile dagen utan at eg merkar noko, sjølv om eg er eldre enn eg var då. Det er det eg les mest om. 

– Kva er den ultimate sommarlåta?

– Eg diggar countrymusikk og høyrer mykje på George Jones. 

Til toppen