SOMMARPRAT: Kvar laurdag tek Porten.no seg ein lett sommarprat med innbyggjarar i Årdal og Lærdal. Denne gongen er det Even Aarethun sin tur til å svara på spørsmål han vanlegvis ikkje får stilt. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen
SOMMARPRAT: Kvar laurdag tek Porten.no seg ein lett sommarprat med innbyggjarar i Årdal og Lærdal. Denne gongen er det Even Aarethun sin tur til å svara på spørsmål han vanlegvis ikkje får stilt. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Då kosar eg meg: Even Aarethun

Kvar laurdag i sommar tar Porten.no seg ein lett sommarprat med innbyggjarar i Årdal eller Lærdal. Denne helga står Even Aarethun for tur.

Lærdølen og eigar av Lærdal ferie- og fritidspark har mange jern i elden gjennom heile året. No er tida komen for å svare på nokre litt uvanlege spørsmål. 

– Kva er din favorittsyssel om sommaren?

Det må vera å sykla i godt vêr og temperatur, fortel Aarethun.

– Kva er best på grillen?

Her nøler han litt, før han må innrømme at han ikkje er så glad i grillmat. 

– Eg er altetande altså, men eg likar best pastarettar eller pizza. Eg er ganske enkel i kosten, smiler lærdølen.

– Kva irriterer deg?

– Uærlege folk.

– Kva imponerer deg?

– Det er dei som har jobba mot eit mål og utført dette på ærleg vis. Det gjeld uansett bransje, anten det er snakk om idrett, politikk eller forretningsdrift.

– Om du var einerådig ordførar, kva ville du ha endra?

Aarethun tenkjer seg litt om før han gjev eit gjennomtenkt svar.

– Mykje. Ein får ikkje gjort så mykje på ein dag på grunn av byråkratiet her i landet. 

Men eg hadde sett fokus på naturressursar og turisme, samt rusta opp infrastrukturen. Det må ein meir tiltrekkjande infrastruktur til i Lærdal for å få folk til å komme hit.

– Viss du hadde fått ti millionar kroner, kva ville du brukt dei på?

– Gjeld, og deretter brukt resten på familie og reising.

– Kva solfaktor brukar du?

– Ingen. Eg jobbar mest på sommaren, så det er ikkje naudsynt, smiler han.

– Kva er den ultimate sommarlåta?

– Eg høyrer mest på god og eldre musikk som Bruce Springsteen og den sjangeren. 

Til toppen