Då kosar eg meg: Jan Geir Solheim

Då kosar eg meg: Jan Geir Solheim

Kvar laurdag tek porten.no seg ein lett sommarprat med innbyggjarar i Årdal eller Lærdal. Denne helga står ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, for tur.

Lærdal: Solheim er ein mann med mange ballar i lufta, og ikkje ein sjeldan mann å sjå i nyheitsbiletet. Som oftast svarar han på spørsmål han har førebudd seg godt på, men då porten.no derimot slo av ein lett sommarprat, var han ikkje alltid like sikker på kva han skulle svare. Ein hyggeleg sommarprat vart det likevel.

Kva er din favorittsyssel om sommaren?

– Om sommaren gjer eg mykje, men aller helst prøver eg å nyte dagane då sola skin og det går an å vere utandørs. Eg er ein såkalla "feriebonde", så på sommaren likar eg veldig godt å køyre traktor og drive med slåtten. Elles er eg glad i å spele golf, så det vert vanlegvis eit par slag golf i løpet av sommaren, fortel Solheim blidt.

Kva er best på grillen?

– Det beste på grillen er utan tvil pølser! Pølser er kanskje ikkje så spanande, men pølser er noko av det eg verkeleg får til på grillen. Eg pla grille mange ulike typar pølse, men som den ekte karen frå Ringerike eg er, så blir favorittpølsa Leiv-Vidar. I år har det diverre ikkje vorte så mykje grilling på grunn av været, men i løpet av helga blir nok grillen fyrt opp.

Kva irriterer deg?

– Ordføraren tenkjer seg lenge om før han svarer på dette spørsmålet, det er tydeleg at Solheim er ein lite irritabel mann. Då han til slutt svarar, gjev han eit svar som truleg mange er einige i denne sommaren; været. – Det er ikkje mykje irriterer meg over, men dersom eg skal gi eit svar så må det nok bli det kalde og dårlege været. Eg tykkjer liksom at me hadde fortent litt berre vær, men no kan ein diverre ikkje gjer noko med den saken. Ein lyt berre gjere det beste ut av det.

Kva imponerer deg?

– Ungdommane i Lærdal!

Svaret kom nesten før spørsmålet var stilt, ordføraren trong ikkje eingong å tenkje seg om.

– Eg kan ikkje anna enn å verte imponert over idérike og initiativtakande ungdommane i Lærdal, som får til så utruleg mykje flott i bygda vår. Dugnadsinnsatsen deira er det ingenting å seie på, og resultatet av arbeidet deira er fantastisk.

Med iver, beundring og ein smule stoltheit i stemma dreg ordføraren fram både ungdomane bak arrangement Kom Heimatt og foreininga Jordeplerock, han tykkjer dei gjer ein fantastisk jobb alle saman.

– Ungdommane imponerer, både med arbeidsinnsats og kva dei får til. Det er flott å sjå at dei er så glad i heimbygda si, dei skal ha all heider og ære for dei flotte arrangementa dei stiller i stand.

Om du var einerådig statsministar, kva ville du ha endra?

– Solheim ler godt, tenkjer ser godt om og påpeiker at dette var eit vanskeleg spørsmål. Likevel var svaret både spesifikt og bestemt. – Dersom eg hadde vore statsministar hadde eg utan tvil via meir pengar til vegbygging, og mindre til fond i utlandet. Ein merkar der godt når ein bur i bygdene at vegane ikkje vert prioritert eller at det går for seint.

Viss du hadde fått ti millionar kroner, kva ville du brukt dei på?

– Ti millionar vert truleg alt for lite, men eg har alltid drøymt om ei gondolbane i Lærdal! Kanskje frå Norsk Villakssenter og opp på ein av dei vakre toppane som ligg rundt bygda. Ti millionar hadde likevel vorte ein god start.

Kvar reiser du helst om sommaren?

Solheim fortel at han tidlegare pla reise til ei ferieperle i Danmark, men at han ikkje har reist hit dei siste åra. – Som ordførar har ein ikkje så mykje fri i grunn! Men eg prøver likevel å reise til heimtraktene rundt Ringerike når høvet byr seg. Eg er veldig glad i å besøke vener og familie, og truleg går også årets ferie hit.

Kva er den ultimate sommarlåta?

– Den ultimate sommarlåta er utan tvil Delillos sin låt Neste Sommer. Den er litt gamal, men framleis like god!

Til toppen