Då kosar eg meg: Jan Ole Rørvik

Då kosar eg meg: Jan Ole Rørvik

Kvar laurdag i sommar tar Porten.no seg ein lett sommarprat med innbyggjarar i Årdal eller Lærdal. Denne helga står Jan Ole Rørvik (38) for tur.

Når det er kulturelle arrangement i bygda har Jan Ole Rørvik (38) fast plass. Få årdøler har vore på fleire arrangement enn han. Sjølv likar han aller best å vere med onkelungen sin, men han ser sjølvsagt fram til Målrock neste helg. Her får du sommarpraten Porten.no tok med han.

– Kva er din favorittsyssel om sommaren?

– Det er å sita ute i sola med kaffien og sjå at Hauk, onkelungen min på 3 år, leikar. Han finn på mykje løge, eg ler og kosar meg. Eg likar også godt å gå tur, og eg er fast på Målrock-festivalen.

– Kva er best på grillen?

– Det er no år og dag sidan eg har fått grillmat. Eg meinar sommarkotelettar var det siste eg grilla. Tidlegare i sommar var det meininga at assistentane skulle grilla hjå meg. Men då det var nokre som ikkje kunne koma kombinert med halvdårleg vêr, vart det ingenting av. Sjølv hadde eg ingen planar om å grilla, så eg fekk den middagen eg skulle, steikels.

– Kva irriterer deg?

– Det som irriterar meg er pengar. Ein skulle tru at det var viktigare enn oss menneske av og til. Når me høyrer om folk som ikkje får den medisinen dei treng fordi den er for dyr, då er det noko feil her i verda. Eg ser føre meg eit bilete av ein jordklode full av pengar, men utan nokon menneske.

– Kva imponerer deg?

– Eg høyrde på radioen her ein dag at om 10 til 15 år kjem bilane til å gå av seg sjølv, utan nokon bak rattet, heilt utan ratt! Sensorar som «ser alt», gjer at bilen ikkje kolliderer. Bilane vil gå som automatiske drosjar, færre og færre vil eiga ein bil.

– Om du var einerådig ordførar, kva ville du ha endra?

– Ordførar og ordførar. Om eg var høgre oppe på strå ville eg ha innført gratis tannlege til alle. Det er berre tull at nokre må legga ut store pengesummar på tennene.

– Om du hadde fått ti millionar kroner, kva ville du brukt dei på?

–​ Då ville eg teke med meg heile Rørvik/Vinda-familiane og busett oss i varmare strøk. I tillegg ville eg fyllt opp kontoen til Hauk.

– Kva solfaktor brukar du?

– Ein treng ingen solkrem her i Årdal denne sommaren, men ein Cosmica, faktor 20, står no her. 

– Kva er den ultimate sommarlåta?

– Det må bli «Butterflies» med Tone Damli, eller «Idyll» med Postgirobygget.

Til toppen