SOMMARPRAT: Katrine Clausen Fredheim (29), festivalsjef for Målrock. Foto: Ina Eirin Eliassen
SOMMARPRAT: Katrine Clausen Fredheim (29), festivalsjef for Målrock. Foto: Ina Eirin Eliassen

Då kosar eg meg: Katrine Clausen Fredheim

Kvar laurdag i sommar tar Porten.no seg ein lett sommarprat med innbyggjarar i Årdal eller Lærdal. Denne helga står Katrine Clausen Fredheim (29) for tur.

Årdal: Katrine Clausen Fredheim (29) er festivalsjef for Målrock på tredje året, og er i desse dagar travelt oppteken med festivalen. Til dagleg jobbar ho fulltid med kulturarrangement, som arrangementskoordinator i Hamar kulturhus og som frilans lysteknikar. 

– Kva er din favorittsyssel om sommaren?

– Festivalar tek mykje av sommaren min. Eg prøver også å få tid å gå til fjells, og i sommar hadde eg store planar om å gå frå hytte til hytte i Jotunheimen, men det har diverre vorte att alt for liten tid til å ta dei store turane.

– Feriemål i sommar?

– Eg hadde ei veke i Tyrkia i lag med famillien. Med invitasjon var det lett å slenge seg med. Eg er kanskje ikkje den typiske syden-entusiasten, men det var godt å reise vekk og kople skikkeleg av. 

– Kva er best på grillen?

– Om eg får bestefars sjølvskotne hjort surra i bacon, då blir det bra. Å reisa for å eta det hos besteforeldra mine er noko av det beste eg veit. 

– Kva irriterer deg?

– Det er når folk ikkje gjer noko med det som lett let seg ordne. Elles let eg meg ikkje irritere over ting eg ikkje kan gjera noko med. 

– Kva imponerer deg?

– Dei som på jobb eller på fritida verkeleg står på og får til det dei sett seg som mål. 

– Om du var einerådig ordførar, kva ville du ha endra?

– Brannfakkelen min hadde nok vore å erstatta alle idrettslaga i bygda med eitt som er for alle. I tillegg ville eg då at Årdal skulle satsa meir på dei sterke sidene, som både natur og industri. 

– Om du hadde fått ti millionar kroner, kva ville du brukt dei på?

– Me snakka seinast om det på onsdag. Om eg hadde vunne i lotto hadde eg brukt det på å laga ei heilt vanvitig utgåve av Målrock. I tillegg ville eg brukt nokre kroner på å bli fri for gjeld. 

– Beskriv ein draumedag?

– Eg har draumedagar no. Dei inneheld god mat, god kaffi, mange blide folk og eg er gjerne på jobb. 

– Kva er den ultimate sommarlåta?

– Den endrar seg frå år til år, og det kjem an på dagens humør. Det har gått mykje i fleire godkjenslelåtar frå Gabrielle i sommar, i tillegg til litt Røyksopp. 

Til toppen