SOMMARPRAT: Kvar laurdag tek Porten.no seg ein lett sommarprat med innbyggjarar i Årdal og Lærdal. Denne gongen er det Kristoffer Nystedt sin tur til å svara på spørsmål han vanlegvis ikkje får stilt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SOMMARPRAT: Kvar laurdag tek Porten.no seg ein lett sommarprat med innbyggjarar i Årdal og Lærdal. Denne gongen er det Kristoffer Nystedt sin tur til å svara på spørsmål han vanlegvis ikkje får stilt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Då kosar eg meg: Kristoffer Nystedt

Kvar laurdag i sommar tar Porten.no seg ein lett sommarprat med innbyggjarar i Årdal eller Lærdal. Denne helga står Kristoffer Nystedt for tur.

Sjefen på Utladalen Camping og Svalheim Gard er relativt ofte i media, men då handlar det om det spennande prosjektet han jobbar med framme i Utladalen.

Nystedt er blitt ein sentral person i bygda og gjerne den første turistane snakkar med når dei kjem til Årdal. Det siste året har han verkeleg stått på for å løfta standarden på campingen og garden.

No skal han få svare på spørsmål han ikkje vanlegvis møter på. Det gav ganske latterfulle svar.

– Kva er din favorittsyssel om sommaren?

– Jobba, seier han og ler godt.

– Nei då, det er jo å gå i fjellet. Det er ingenting som er som det. Gå i fjellet, badestamp og jobba, gliser han.

– Kva er best på grillen?

– Det er ein saftig entrecôte. 

– Kva irriterer deg?

– Dårleg vêr.

– Kva imponerer deg?

– Det var ein vanskeleg spørsmål. Eg har vore så lenge utanfor samfunnet og er så mykje i mi eiga boble. 

– Du kan jo kanskje nytta sjansen til å score nokre poeng hjå kona?

– Det er eit godt poeng, men eg er ikkje veldig imponert over arbeidsinnsatsen hennar heller, ler han.

– Nei, skriv Laurits og Øystein Gulbrandsen. Dei har imponert meg voldsomt. Det er to folk som har gjort det mogleg at det har blitt som det har blitt her.

– Om du var einerådig ordførar, kva ville du ha endra?

Her må Nystedt først tenke seg godt, og ber om å få svara på dette til slutt. Etter dei resterande spørsmåla er unnagjort svarer han følgjande:

– Eg ville marknadsført bygda meir. Eg synest Årdal er for lite kjent. Eg veit ikkje om det er noko å endra på, men eg synest ein burde vera tøffare i å marknadsføra det som finst, ha litt meir sjølvtillit. Eg føler at ein på ein eller annan måte kunne markert Årdal meir nasjonalt.

– Viss du hadde fått ti millionar kroner, kva ville du brukt dei på?

– Eg hadde investert i prosjektet og gjort endå fleire morsomme ting, som å koma i gang med aktivitetsstrategien. No handlar det om å løfta kvaliteten på bygningsmassen. Me har kome i gang med arrangement på Svalheim. Neste sommar håpar me å koma meir inn på eventbiten og tilby ulike ting. 

– Kva solfaktor brukar du?

– Eg kjøpte faktisk solkrem i dag, og det einaste dei hadde var 15. Eg er litt slapp på bruk av solkrem. Eg prøver å bli betre, smiler han.

– Kva er den ultimate sommarlåta?

– Tidløs med... Nei... Ultimate... Sommarsongen... Eg høyrer ikkje på musikk heller, eg berre jobbar. Nei, skriv at eg oppfattar meg sjølv som ein relativt kjedeleg person, så eg veit faktisk ikkje, seier han og ler endå meir. 

Til toppen