MAMMA TIL TO PEKINGENDER: 12 år gamle Olivia er veldig dyreglad, men hund fekk ho ikkje lov til å ha. Ho spurte bestefar om ho kunne få ender, noko han kanskje ikkje skulle ha sagt ja til.
MAMMA TIL TO PEKINGENDER: 12 år gamle Olivia er veldig dyreglad, men hund fekk ho ikkje lov til å ha. Ho spurte bestefar om ho kunne få ender, noko han kanskje ikkje skulle ha sagt ja til. (Foto: Sunniva Knutsen)

Då Olivia ikkje fekk lov å ha hund, tok ho saka i eigne (h)ender: Sjå video

Olivia hadde masa lenge på bestefar Geir Arne om ho kunne få hund. Han sa nei, og då måtte ho bli kreativ.

Årdal: Kva med ender då? spurte ho. Jo, det kan du få, svarte besten, i den tru at ho ikkje kom til få det til.

Så feil kan ein ta, for omlag tre månader seinare står 12-åringen i hagen og visar stolt fram pekingendene Delta og Blue. 

– Eg kjøpte egga på nett på finn.no og så kom dei i posten, seier ei smørblid Olivia medan Blue og Delta går blant føtene hennar i hagen i Øvre Årdal. 

Ruga dei fram heima

Olivia fortel at ho fekk låna ei rugemaskin av onkel Tage, og etter at egga kom i posten ruga ho dei fram i 28 dagar. 

Det var mykje å passa på, men Olivia hadde full kontroll. 

– Eg måtte passa på at det var fuktigheit i egga, og at det var varmt. Og etter dei 28 dagane måtte me hjelpa dei ut av egga, seier ho. 

I starten fekk dei bu inne i huset, kor dei følgde etter ho overalt. Då dei var nyklekka kunne ho halda begge to i ei hand. 

Namna er inspirerte frå dinosaurfilmen Jurassic World, kor hovudrolleinnehavar Chris Pratt har tre raptorar, der to av dei heiter Blue og Delta. 

Badar dei og går på tur

Vetlebror Troy på 10 år er òg flink til å hjelpa til. Han syns det er veldig kjekt å ha ender.

Men det er inga tvil om at storesyster Olivia er mamma til endene, for dei følgjer nemleg etter ho der ho går, og når ho ropar så kjem dei springande. 

– Når Olivia reiser noko stad blir det spetakkel, då gret dei, seier Besten. 

– Kvifor ville du ha ender?

– Dei er så søte! Eg har leita etter stokkandegg nede ved vatnet, men fann ingen. Så eg fann ut at fekk kjøpa dei på nett, seier Olivia med eit breitt smil. 

– Kva gjer du med dei då, leikar de?

– Eg kosar med dei, tek dei ut og går på tur med dei i hagen, og så får dei bada i stamp, ler ho.

Besten skyt inn at dei skal få tak i eit gamalt badekar å setja ut i hagen slik at det er plass til at både Blue og Delta kan symje saman. 

Sjå video her. 

Besten: – Mange klampar på bremsen idet dei køyre forbi

Besten eller Geir Arne og besta, Vigdis, seier at det har kome mange nyfikne årdøle på besøk for å helsa på. 

– Når folk køyrer forbi er det mange som klampar på bremsen og vrir nakken, og knapt trur kva dei ser.

Han seier at naboane kjem innom for å sjå dei, og mata dei med druer, som er favoritten. 

Sa nei til hund, men angrar ikkje

Geir Arne fortel at han sa nei til at Olivia fekk hund ettersom det er mykje ansvar og jobb med kjæledyr. Og seier at han var litt skeptisk i byrjinga til korleis dette skulle gå, då ho fekk egga i hus. 

–Men har du blitt litt sjarmert, du òg? 

– Ja eg har jo det. Dei er underhaldande, og me blir jo glad i dei, seier han. 

Vigdis fortel at dei reiser mykje på hyttetur på Veitastrond i helgane. Då blir Blue og Delta med i bilen, som ein del av familien. Noko som dog var enklare i starten.

– I byrjinga trengde me berre eit lite reisebur til dei. No må me jo ha ei stor plasøskje for å få plass til dei.

Til toppen