DEMOAKTUELL: Den første låta til MayRahKee, soloprosjektet til Vilde Torheim Skjerdal frå Aurland, handlar om sorgprosessen alle må gjennom når dei mister ein nær person i livet.
DEMOAKTUELL: Den første låta til MayRahKee, soloprosjektet til Vilde Torheim Skjerdal frå Aurland, handlar om sorgprosessen alle må gjennom når dei mister ein nær person i livet. (Bilde: Siri Sødahl)

Då søskenbarnet tok sitt eige liv, søkte Vilde (22) til musikken for å bearbeida sorga

Slik gjorde ho ei tragisk hending om til eit fint minne. – Låtskrivinga blei ein parallell til sorgprosessen. Begge deler tok lang tid å komma seg gjennom, seier jazzartisten.

Aurland: I fjor sommar opplevde Vilde Torheim Skjerdal frå Aurland at søskenbarnet hennar tok sjølvmord, berre atten år gamal. Ho bestemte seg for å skriva ein sang om sorgprosessen som følgte.

– Grunnen var vel at det var vanskeleg å snakka om det. Det var det første nære dødsfallet eg har opplevd. Då var det veldig naturleg å søka til musikken, som er mi primære utrykksform, seier ho.

Det var ingen enkel jobb. I pressemeldinga skildrar ho korleis ho streva med å uttrykka det ord eigentleg ikkje maktar: «Etter at det utenkjelege var skjedd, kjendest det som om at alt det eg sa hang att som tome og meiningslause frasar», skriv ho.

Håpar musikken hennar kan gje trøyst til andre

Det skulle ta eit år før sangen var ferdig.

– Låtskrivinga blei ein parallell til sorgprosessen. Begge deler tok lang tid å komma seg gjennom, seier Skjerdal.

Det ferdige resultatet har fått tittelen «H.M», initialane i namnet til søskenbarnet ho mista. Sangen, som du kan høyra her, er den første demoen til MayRahKee, som soloprosjektet hennar heiter. Sjølv om låta er djupt personleg, føler ho likevel det er naturleg å publisera den.

– Eg ønskjer gjerne å hjelpa nokon med musikken. Viss den sangen kan fungera som ei trøst, eller gjera sorga til ein person lettare, så er det heilt nydeleg, seier Torheim Skjerdal.

– Har blitt eit fint minne

Ho fortel at demoen berre er første steg. Torheim Skjerdal har planar om å spela inn eit album i februar og gje det ut i 2018. Ho har sjølv komponert låtane og fått med seg dyktige musikarar i tre medstudentar frå Universitetet i Agder: Bendik Pedersen på tangentar, Håvard Henriksen på bass og Carsten Omholt på trommer.

– Det blir ein debut som viser kven eg er, med referansar til musikarar som har vore viktige for meg, seier Torheim Skjerdal og ramsar opp Robert Glasper, Erykah Badu og Esbjörn Svensson Trio som dei tre største.

Eit drøyt år har gått sidan den tragiske hendinga. Torheim Skjerdal føler sangskrivinga har hjelpt ho gjennom ei vanskeleg tid, sjølv om saknet alltid vil vera der.

– Eg har skapt noko eg synst speglar han som person og det har blitt eit fint minne for meg å ha, seier ho.

Til toppen