VEKSANDE POPULARITET: Stisykling på Kaupanger er allereie stort, men kunne vore mykje større, om ikkje miljøet sjølv hadde trykt på bremsene. Foto: Vegard Voll Bøyum
VEKSANDE POPULARITET: Stisykling på Kaupanger er allereie stort, men kunne vore mykje større, om ikkje miljøet sjølv hadde trykt på bremsene. Foto: Vegard Voll Bøyum (Foto: Vegard Voll Bøyum)

Då syklistane inntok skogane vart det kamp om reviret

No skal forskarar finne vegen til ein fredeleg sameksistens mellom syklistar, turgåarar og jaktfolket.

Sogndal: Stisykling på Kaupanger har blitt så populært at miljøet sjølv valde å trykke på pauseknappen. Årsaka er slitasjen naturen lir under når trafikken vert for stor, samt dei byrjande gnissingane mellom syklistar, grunneigarar, turgårarar og jegerar.

SYKKELFORSKAR: Eivind Brendehaug er leiar for forskingsprosjektet som brukar stisykling på Kaupanger som utgangspunkt for å finne ut korleis kommunar kan greie å forvalte bruken av utmarka slik at ulike interesser kan eksistere saman.
SYKKELFORSKAR: Eivind Brendehaug er leiar for forskingsprosjektet som brukar stisykling på Kaupanger som utgangspunkt for å finne ut korleis kommunar kan greie å forvalte bruken av utmarka slik at ulike interesser kan eksistere saman.

No prøver forskarane å finne ut korleis dei alle skal kunne leve saman side om side.

– Over nokre år har det oppstått ein interessekonflikt mellom dei ulike gruppene som brukar området, seier Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking til forskning.no.

Les også: Ski og sykkel trekkjer folk til Sogndal

Dialog førte fram

Han leier det treårige forskingsprosjektet som ser på korleis kommunar kan regulere bruken av utmarka, i eit tid der stadig fleire menneskesyslar konkurrerer om den same geografien.

I Sogndal vart samtalar mellom dei involverte partane ein viktig del av løysinga.

– Dialogprosessen vi køyrde i 2015 lukkast med å dempe konfliktnivået, seier Brendehaug til forsking.no.

Frivillige avtalar fungerer best

No held forskarane på å kartleggje når og kor folk ferdast i dei populære skogane rundt Kaupanger. Dei følgjer òg med på om syklistar, turgåarar og jegerar endrar åtferd i tråd med dei venlege oppmodingane frå kommunen, sykkelklubben og idrettslaget.

Forskaren er i det minste trygg på følgjande konklusjon.

– Den beste måten å koordinere friluftslivet på desse populære stadene er heilt klart å inngå frivillige avtalar, seier Brendehaug.

Til toppen