Aurland: Saka har versert i fleire år, i dag greidde politikarane i Aurland endeleg å bestemme seg for kvar den nye barnehagen skal byggjast.
Etter nærare to timar med diskusjonar landa kommunestyret på den same konklusjonen som formannskapet, nemleg at den skal kome mellom barne- og ungdomsskulen og verkstaden til Sogn jord- og hagebruksskule.
– Med den plasseringa får ei god løysing som folk vil bli nøgde med på sikt, sa Monica Finden (H), ein av fleire som tidlegare har vore for alternativet i Dalen.
Les også: Her kjem den nye barnehagen i Aurland
Les også: Greier ikkje å bestemme seg for kor dei vil byggje barnehagen
Fleire representantar vektla fordelane med å ha ein såpass sentrumssnær barnehage, som ligg nær eksisterande skule og slik legg opp til både effektiv bruk av areal og sambruk av andre funksjonar som mellom anna basseng.
– Totalt sett så blir det ein pakke som gjer at du kan nå og bruka barnehagen i kvardagen. Vi får eit oppvekstmiljø rundt ABU som blir veldig bra, sa Terje Horvei (V).
Monica Gjesdal Larsen (MGP) argumenterte sterkt for å finne løysingar innanfor den eksisterande barnehagen på Vangen. Ho er sterkt imot å ta jordareal frå økoskulen.
– Barna har det meste dei treng på Vangen. Det dei ikkje har er uteareal, men det går det an å finne alternative løysingar på i nærområdet, sa ho.
Monica Finden kvitterte med at det alternativet hadde blitt nedstemt fleire gonger, og ba om å få sleppe enno ei runde.
Då det gjekk til avstemming var det klart at alternativet ved Aurland barne- og ungdomsskule låg an til eit stort fleirtal. Til slutt vart saka banka gjennom mot berre to røyster.