SKATTESJOKK: Årdal kommune går økonomisk tøffe tider i møte når dei no ser ut til å mista vesentlege skatteinntekter frå Hydro.
SKATTESJOKK: Årdal kommune går økonomisk tøffe tider i møte når dei no ser ut til å mista vesentlege skatteinntekter frå Hydro. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Semje om å fjerna maskinskatten

Regjeringspartia har blitt einige med støttepartia om statsbudsjett for neste år. Det er ikkje hyggjeleg lesnad for kraftkommunane og aller minst for Årdal.

Oslo/Årdal: Ifølge fleire medier skal maskinskatten fjernast, slik regjeringspartia la opp til. Samstundes har dei blitt samde om fleire kompenserande tiltak for kommunane, utan at det konkret går fram kva dei er. 

– Eg er ikkje heilt sikker enno på kva som kjem fram i pressemeldinga, men det ser ikkje bra ut dette, sa Lægreid få minutt før klokka sju.

Då var det framleis berre spekulasjonar basert på budsjettlekkasjar. Etter pressekonferansen er det derimot ingen tvil om at KrF måtte bøya av i forhandlingane.

Ordføraren skuffa over KrF

Forslaget vekte sterke reaksjonar då det vart kjent i oktober. For kraft- og industrikommunane i Sogn vil endringa få store konsekvensar. Ikkje minst for Årdal, som i alle år har henta store skatteinntekter frå hjørnesteinsbedrifta Hydro.

Rådmann Olve Fossedal har rekna ut at kommunen vil mista rundt 25 millionar kroner i året om forslaget fekk gjennomslag. Det har det no altså gjort, sjølv om NRK har meldt at skatten vil bli fasa ut over fleire år enn i det opphavlege forslaget.

Lægreid er særs skuffa over at KrF har støtta oppunder framlegget frå Høgre, Venstre og FrP om å fjerna maskinskatten. Då han uttala seg før pressekonferansen, understreka han at det var med atterhald om at det faktisk gjekk gjennom. 
 
– At Høgre og FrP er i mot all eigedomsskatt veit me jo. Men eg er skikkeleg skuffa over at KrF har svikta, det må eg seia. Då me var i Oslo og demonstrerte, so sa dei at dei kom til å gå i mot framlegget frå regjeringa, seier han.
 
Han fortel at KrF hadde lova å i det minste å leggja det på is mellombels og krevja at eit lovutval vert sett ned for å sjå på dette.

Varslar tøffe tider for Årdal

Ordføraren trur ikkje at bortfallet av maskinskatten vil vera umogleg å gjeninnføra i framtida, men det vil ikkje vera mogleg i denne fireårsperioden. Det i seg sjølv er alvorleg, meiner han: 
 
– Det vert ein skikkeleg baksmell for Årdal om maskinskatten verkeleg fell bort. Dette vil innbyggjarane merka skikkeleg. 
 
Lægreid seier den nye skatteordninga vil gå hardt ut over innbyggjarane både i Årdal og elles i distriktsnoreg.
 
– Det er snakk om ei skatteordning me har hatt i Noreg i 100 år. Eg er veldig overraska over at dette berre kan takast vekk slik i eit årleg statsbudsjett, seier ordføraren. 
 
– Korleis skal Årdal kommune takla dette, å mista kring 25 millionar kroner årleg i skatteinntekter?
 
– Dette vil gå ut over heile den kommunestrukturen me har. Det vert ei skikkeleg utfordring både politisk og administrativt framover, seier Lægreid.
Til toppen