Dagsland skapte ei magisk stemning i Farnes kyrkje

Med vakre tonar og god underhaldning avslutta Sigvart Dagsland kulturveka i Farnes kyrkje på magisk vis.

Applausen legg seg, og Dagsland bukkar høfleg. Han vender seg mot pianoet og tek plass. Roen senkar seg, fingrane stryk lett over tangentane og vakre tonar fyller kyrkja.

Saman med Årdal Gospelkor skapte Dagsland ei varm og magisk stemning  for dei om lag 250 menneska i Farnes kyrkje laurdag kveld.

Fantastisk å vera her

Dagsland, som er kjend frå TV-program som «Hver gang vi møtes», «Cover me» og «Det store korslaget», tykte sjølv det var stort å få runde av kulturveka.

– Eg tykkjer det er fantastisk å kome til stadar eg ikkje har vore tidlegare, og enda større vert det når eg får lov til å runde av eit så fint arrangement som ei kulturveke.

– Det var ei veldig flott kyrkje og eit strålande publikum, og eg håpar alle som kom drog heim att med ei god kjensle. Eg er iallfall svært nøgd med konserten i dag og kjem gjerne tilbake.

Dagsland, som sjølv er personleg kristen, har skrive mange songar om nettopp dette.

– Av songane eg framførte i dag har eg skreve melodiane til alle sjølv. Tekstane har eg skreve saman med andre, og det gjer meg godt at songane kan nyttast i ei kyrkje.

Han spelar mjukt på pianoet og gløttar stundom ut mot publikum. Han syng vidare medan han treff kvar einaste tone. «Høyr din røst i meg».

God oppslutnad

Både leiar av Øvre Årdal sokneråd, Oddbjørn Einan, og kyrkjeverje Ruth Jane Øren, seier til Porten.no at det har vore god oppslutnad rundt kulturveka i år.

– Me har hatt om lag 70 besøkande kvar kveld og selde 120 førehandsbillettar til avslutningskonserten, fortel Einan til Porten.no.

– Dette er vesentleg betre enn tidlegare. Det er tydeleg at bygdefolket har synt meir interesse i år, noko som kanskje skuldast at me i år har fått til svært interessante kveldar. Dette er i stor grad på grunn av Bert Brons, som alltid er positiv og syner engasjement.

Tonane døyr ut og Dagsland grip mikrofonen. «Ja, eg var ganske i tvil om skulle i militæret», seier han med den særmerkte Stavanger-dialekta. «For å sitera Michael Jackson", held han fram, «I'm a lover not a fighter». Latteren brer seg blant publikum, og Dagsland smiler lattermildt.

Veldig nøgd med kulturveka

Programmet for årets kulturveke har hatt stor variasjon. Det har vore arrangert alt frå Ung Messe og korpskveld til eldretreff og korkveld. Bert Brons, som har vore musikalsk ansvarleg under årets kulturveke, er nøgd.

– I år har me snudd litt om på organiseringa av kulturveka, og kvart av laga som har delteke har teke meir ansvar for seg sjølv. Dette gjorde det lettare for oss som arrangerte, og resultatet er eg svært godt nøgd med.

– At me faktisk fekk Sigvart Dagsland hit er ein kjempebonus. Dagsland har mykje meir breidde og djupn enn mange andre artistar, og tekstane hans er sånne som får folk til å tenkje seg om.

Vil gi attende

Brons er ei av dei eldsjelene som engasjerer seg i kulturveka, og dette fordi han ynskjer å gi attende.

– Eg føler at dette er ein fin tradisjon for både kyrkja og kulturlivet i Årdal, og gjennom kulturveka får kyrkja høve til å gi litt attende til bygdefolket. Me vonar at dette er ein tradisjon som vil halde fram i mange år til.

Brons fortel at planlegginga av neste års kulturveke allereie er i gong. Då vonar Brons at skjulte talent i Årdal skal kome til syne, og at det kan lagast ei utstilling i kyrkja i. På utstillinga ynskjer Brons at bygdefolket skal bidra med det dei kan av kunst, då kultur ikkje berre handlar om musikk.

Den siste songen tek slutt, og Dagsland takkar for seg. Han stiller seg opp midt på scena og grip rundt pianisten. Publikum reiser seg og gjev dei ståande applaus.

Til toppen