Luster: I løpet av 2018 skal kvar kommune i Sogn og Fjordane ha fått på plass dagsturhytter med nynorske minibibliotek på eit turmål i kommunen. I helga blei hytta i Luster opna, noko alle aktive lustringar er svært glade for.

– Det er ein stor dag for turliv og friluftsliv i Luster. Me er allereie ein stor turkommune, men eg håpar at hytta kan hjelpa utviklinga enda meir, seier ordførar Ivar Kvalen.
Han hadde reist til Ytre Eikjo der Eikjabu er plassert for å vera med på den offisielle opninga. Her vart det både kulturinnslag og helsingar frå dei som har vore med å få dagsturhytta opp og stå. Det var sjølvsagt òg mogleg å få sjå hytta, både innvendig og utvendig, no når den er klar til bruk.
Spesiell plassering
Plasseringa er ikkje heilt som i dei andre kommunane. Hytta ligg midt mellom Solvorn og Marifjøra, og er den einaste dagsturhytta i Norge som ligg ved fjorden.
– Det er ingen andre kommunar som har så mange turhytter som ein kan gå til som Luster kommune. Det er ikkje dèt me manglar. Men me jobbar med å få utvikla aktivitetane på Lustrafjorden noko meir, seier ordføraren.
Kajakkmiljøet er veksande og det har over tid blitt grubla på korleis ein kan utvikla det.
Blitt rydda ein sti

– Det å ha ha ein plass der ein kan gå på land, eta matpakken, kvila og gå på do trur eg blir skikkeleg bra. Eg håpar at dette er med på å utvikla aktiviteten på fjorden endå meir. Me har lyst til å bli ein kajakk-kommune òg, seier Kvalen.
For dei som likar å gå er det rydda ei sti frå Mollandsmarki, men den kan til tider vera relativt bratt.
– Det kan vera litt meir styr å komma seg til hytta, men me har satsa på å utvikla aktiviteten på fjorden med tanke denne dagsturhytta. Kanskje ein i hovudsak må bruke sjøen for å komma til den.