SNART KLAR: Dagsturhytta i Aurland skal stå over Aurlandsvangen på Bingjeosen.
SNART KLAR: Dagsturhytta i Aurland skal stå over Aurlandsvangen på Bingjeosen. (Foto: Noralv Distad)

Dagsturhytta i Aurland byrjar å ta form

I fleire kommunar i Indre Sogn skal snart dagsturhyttene stå klare for bruk. Både i Aurland og i Lærdal nærmar opningsdagen seg.

Indre Sogn: Fleire kommunar i sogn jobbar for fullt med å få på plass hytter for å gje innbyggjarane eit lågterskeltilbod. I Sogndal, Årdal, Lærdal og Aurland arbeidast det for å få opna hyttene før vinteren kjem.

I Aurland skal dagsturhytta stå rett ovanfor Aurlandsvangen på Vinjaåsen. 

– Det er eit veldig populært turområdet med flott utsikt utover fjorden og bygda, og ligg innafor rimeleg gåavstand, seier Noralv Distad, ordførar i Aurland. 

Han er veldig positiv til dagsturhyttene, og tykkjer det er viktig å nytte naturen.  

– Det å bruka naturen betyr veldig mykje for folkehelsa, eg er imponert over kor aktive innbyggjarane våre er.

Han skryt over turlaget som har jobba mykje med blant anna merking av turstiar.

Like rundt svingen

Også i Lærdal er prosjektet komen langt. So langt at hytta snart kan takast i bruk.

– Hytta er komen til Lærdal og fundamentet er på plass. No ventar me berre på helikoptertransport og montering. Det kan hende skjer allereie i neste veke, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

 – Hytta vert jo sett opp på Mjølkeflaten med fin utsikt og den er lett tilgjengeleg. Eg trur den vert aktuell å bruke heile året.

Og sjølv om Mjølkeflaten ligg litt utanfor Lærdalsøyri trur Solheim stien dit opp kjem til å få mykje trafikk.

 – Folk i Lærdal er flinke til å bruke turområda dei har, so eg har inga tvil om at hytta vert populær, seier ordføraren.

Til toppen