MOAKAMBEN: Dagsturhytta i Årdal skal setjast opp på Moakamben, ein kjend turplass for mange Årdøle.
MOAKAMBEN: Dagsturhytta i Årdal skal setjast opp på Moakamben, ein kjend turplass for mange Årdøle. (Foto: Arkiv)

Dagsturhytta skal stå på Moakamben: utbygginga startar neste veke

Dagsturhytta i Årdal skal endeleg byggast, to år etter at den vart annonsert.

Årdal: I regi av fylkeskommunen er det no Årdal sin tur til å setje opp dagsturhytta. På formannskapsmøtet i dag vart det avslørt kor ho skal stå: nemleg på Moakamben i Øvre Årdal. 

– Eg har vore oppe å sett kvar denne hytta skal ligga. Det er ein utruleg flott stad med god utsikt over Øvre Årdal, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

Årdal turlag, har ifølgje Brandsdal stått sentralt i prosessen heile vegen:

– Dei har sagt kor dei ønskte at hytta skulle stå.

– Det er mange som nyttar det området både i vekedagar og i helgar. Alle årdøler brukar Moa, for det er så lett tilgjengeleg. Det er ein fantastisk stad for rekreasjon og aktivitet, seier Brandsdal.

Utbygginga av hytta skal ifølgje Brandsdal starte neste veke. Hytta blir bygd i Masfjorden og vil så kome til Årdal med båt.

Meir enn ein gapahuk

Moakamben, Dagsturhytta
BØKER FOR BORN: Hyttene skal innehalde eit minibibliotek. Foto: Arkiv

Hytta skal vera meir enn ein gapahuk, men vert ikkje ein stad å overnatte. Den skal ikkje ha straum eller sanitærforhold. 

Hyttene skal vera ein stad ein kan byta klede, eta nista og få varmen i seg når ein er ute på tur. Det skal òg vera eit minibibliotek i hyttene, i hovudsak med nynorske barnebøker.

Rojo, arkitektar frå Trondheim, har designa hyttene. Dei er forma som ein trekant, og har benkar og trapper til å sitja i utandørs. Store vindauge skal gje besøkjande god kontakt med naturen.

Til toppen