Indre Sogn: BKK er det største energiselskapet på Vestlandet og ein av Norge sine største distributørar av elektrisk energi.
Dagsturhyttene i Sogn har vore ein stor suksess. No får fire av dei solceller, lys og oppgraderingar frå fornybarenergiselskapet BKK, det kjem fram i ei pressemelding frå BKK.
– Sidan BKK fyller 100 år i år, ønskjer vi å gi ei gåve vestlendingar kan nyte godt av. Å få bidra med solceller til dei fantastiske dagsturhyttene synest vi er kjekt. Betre lys i opphaldsrom og ikkje minst leselys til nynorsk turbibliotek som er på hyttene, håper vi små og store turgåarar vil setje pris på. Samstundes er det hyggeleg å vere med å bidra til at også hordalendingar får oppleve dagsturhyttene, som har blitt ein så stor suksess i Sogn og Fjordane, fortel Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK.
Hordaland kjem etter
Alle dei 26 gamle tidlegare kommunane i Sogn og Fjordane har kvar si dagsturhytte. No skal det byggjast minst 29 i Hordaland, etter modell frå Sogn og Fjordane. BKK sørgjer for lys og oppgraderingar på alle hyttene.
– Vi gir solceller til dei hyttene som ikkje har det, men sidan hyttene i Årdal, Aurland, Lærdal og Balestrand allereie har solceller, får dei 50.000 til oppgradering av kvar hytte.

Fornøgd fylkesordførar
– Dette er eit strålande prosjekt for å binde det nye storfylket saman. Nesten alle kommunar er med. Eg er sikker på at dagsturhyttene blir like stor suksess i tidlegare Hordaland som i tidlegare Sogn og Fjordane, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Aukande interesse for solceller
BKK vart til då fleire kommunar rundt Bergen gjekk saman for å løyse kraftbehovet. Den første straumen var fornybar vasskraft frå Storefossen i Dale. I dag er fornybar energi minst like aktuelt.
– Fornybar straum frå solceller er perfekt for dagsturhyttene, men vi ser også at fleire private og i byggindustrien på Vestlandet monterer store solcelleanlegg, seier Hilland.
I dag er BKK eit av Noregs største fornybarenergiselskap, med betydeleg produksjon av vasskraft. I tillegg transporterer selskapet straum heim til 425.000 vestlendingar frå Etne i sør til Jølster i nord. BKK har ambisjon om å bli størst i Noreg på elektrifisering. Selskapet er eigd av 17 vestlandskommunar, to lokale kraftlag samt Statkraft.