OPNINGSFEST: Fredag var det storstilt opning av dagsturhytta på Sandane. Hytta er den første av  i alt 26 dagsturhytter i Sogn og Fjordane.
Foto: Jan Kjetil Øygard / Gloppen kommune
OPNINGSFEST: Fredag var det storstilt opning av dagsturhytta på Sandane. Hytta er den første av i alt 26 dagsturhytter i Sogn og Fjordane. Foto: Jan Kjetil Øygard / Gloppen kommune (Jan Kjetil Øygard)

Dagsturhyttene har fått positiv merksemd i riksmedia

Men oppheita strid omkring nynorske barnebøker har so langt vore med på å hindra hyttene i å nå ut til heile fylket som planlagt. 

Sogn og Fjordane: – Målet er at hyttene skal stimulera folk til å koma seg ut på tur oftare, seier Atle Skrede rågjevar for fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

TURMÅL I NÆROMRÅDET: Dagsturhyttene skal plasserast i eit kjent turområde i nærmiljøet. Her frå opninga av dagsturhytta på Sandane fredag. Foto: Birthe Johanne Finstad / Sogn og Fjordane fylkeskommune
TURMÅL I NÆROMRÅDET: Dagsturhyttene skal plasserast i eit kjent turområde i nærmiljøet. Her frå opninga av dagsturhytta på Sandane fredag. Foto: Birthe Johanne Finstad / Sogn og Fjordane fylkeskommune Bilde: Birthe Johanne Finstad

Skrede er den som har teke initiativ til dagsturhyttene. Han har eit brennande ønske om å oppfylla visjonen til fylkeskommunen om fysisk aktivitet for alle og har sjølv gode barndomsminne med det å vera på hytte. 

Les også: Gålaget i Årdal fór på synfaring dit hytta i Årdal skal stå.

Hyttene har vekt oppsikt

Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane er ifylgje Skrede dei første i sitt slag i Noreg. Interessa for hyttene har vekt oppsikt langt ut over fylkesgrensene, og både TV 2 og Vestlandsrevyen var på plass då dei første hyttene skulle monterast.

Hordaland fylkeskommune er mellom dei som alt har vist interesse.

TURBIBLIOTEK: Alle dagsturhyttene skal ha eit turbibliotek med nynorske barnebøker og andre bøker. Her frå opninga av dagsturhytta på Sandane fredag. Foto: Arild Reppen
TURBIBLIOTEK: Alle dagsturhyttene skal ha eit turbibliotek med nynorske barnebøker og andre bøker. Her frå opninga av dagsturhytta på Sandane fredag. Foto: Arild Reppen Bilde: Arild Reppen

– Det er ein strålande ide og eit fantastisk prosjekt som me gjerne skulle sett til Hordaland, seier fylkesidrettssjef Britt Karen Spjeld i Hordaland fylkeskommune.

Ho fortel at fleire kommunar i Hordaland allereie er interessert i dagsturhytter, men seier interessa må forankrast i alle kommunane og at ei finansiering må vera på plass før fylket kan gjera noko liknande.

Les også: Alle kommunane ville ha dagsturhytte

Strid om nynorske barnebøker

Kommunane har sjølve bestemt kor dagsturhyttene skal plasserast. Men det å få avtale med grunneigarar har ikkje vore like enkelt alle stader.

TUR OG BØKER: Alle dagsturhyttene skal ha eit lite turbibliotek med nynorske bøker. Det såg ut til å slå godt an då den første dagsturhytta blei opna på Sandane fredag. Foto: Arild Reppen
TUR OG BØKER: Alle dagsturhyttene skal ha eit lite turbibliotek med nynorske bøker. Det såg ut til å slå godt an då den første dagsturhytta blei opna på Sandane fredag. Foto: Arild Reppen Bilde: Arild Reppen

Mens nokre grunneigarar har vore så begeistra at dei har ringt til kommunen og tilbydd seg gratis tomt, har andre grunneigarar sett seg på bakbeina fordi alle hyttene skal ha eit lite bibliotek med nynorske bøker.

– I nokre område i Sogn og Fjordane er bokmål målforma. Der var faktisk det nynorske turbiblioteket tunga på vektskåla for at grunneigarane ikkje ville signera kontrakt om tomt til dagsturhyttene, seier Skrede.

Andre stader har grunneigarane vore så positive at dei til og med har teke på seg ansvaret for å drifta dagsturhytta.

Til saman har 19 av 26 kommunar no fått på plass grunneigaravtale.

Les også: Slik vart hyttene planlagt 

God kontakt med naturen innandørs òg 

GOD UTSIKT: Dagsturhyttene har store vindauge med god utsikt og benker til å sitja på. Foto: Birthe Johanne Finstad / Sogn og Fjordane fylkeskommune
GOD UTSIKT: Dagsturhyttene har store vindauge med god utsikt og benker til å sitja på. Foto: Birthe Johanne Finstad / Sogn og Fjordane fylkeskommune Bilde: Birthe Johanne Finstad

– Dagsturhyttene skal stimulera til det enkle og nære friluftslivet vi har rundt oss.

Det er viktigare at folk går på tur ein gong i veka enn at dei går ein tredagarstur kvart tredje år, seier Skrede.

Han håpar at dagsturhyttene kan bli ein ny møteplass i lokalmiljøet. 

Dei arkitektteikna hyttene er forma som ein trekant med store vindauge. Det gjev god kontakt med naturen også innandørs.

Hyttene er finansierte ved hjelp av spelemidlar og støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

I tillegg har Nasjonalbiblioteket det første året løyvd 400.000 kroner til Det nynorske turbiblioteket.

NPK-Margunn Sundfjord

Til toppen