PÅ TEIKNEBRETTET: Slik ser selskapa bak Dalalåven for seg den nye samlingsplassen i Hodlekve. Illustrasjon: Bratt Moro.  
PÅ TEIKNEBRETTET: Slik ser selskapa bak Dalalåven for seg den nye samlingsplassen i Hodlekve. Illustrasjon: Bratt Moro.  

Dalalåven skal bli den nye samlingsplassen i Hodlekve

Bratt Moro har planar om ny storstove i Rindabotn på tusen kvadratmeter.

Sogndal: Kapasiteten til SIL-hytta er sprengt og kjøkenfasilitetane mangelfulle. Samstundes gjer den nye heisen og det komande barnetrekket at ein stadig større del av aktiviteten naturleg vil trekke mot Rindabotn, området som ligg der vegen sluttar, øvst i det nye hyttefeltet i Hodlekve.

PLANLEGG NYTT BYGG: Yngve Hallén i Bratt Moro seier det er eit stort behov for ein ny samlingsplass i Hodlekve.
PLANLEGG NYTT BYGG: Yngve Hallén i Bratt Moro seier det er eit stort behov for ein ny samlingsplass i Hodlekve.

– Me ser for oss at det blir den store samlingsplassen i framtida. Rindabotn knyter langrennsløypene, fjelløypene og trekket saman på ein god måte, seier prosjektleiar Yngve Hallén i Bratt Moro.

Les også: Langrennsfolket jublar over 200 000 til trakkemaskin
Les også: «Fjellsporthytta» skal gjere det billegare å realisere hyttedraumen

Dei har i samarbeid med Sognefjorden Utvikling og Sogndal skisenter utvikla prosjektet Dalalåven, eit stort nybygg dei ser for seg skal bli akkurat den samlingsplassen skifolket har ønska seg. 

Namnet spelar på identiteten til sogndalsdalen, som tradisjonelt har vore langt tettare knytt til jordbruket enn til skisporten, slik tilfellet har vore dei siste åra. 

– Då synst vi at ein låve var det naturlege å ha der. Det er eit spesielt namn, men samstundes nært knytta til staden, seier Hallén.

Innhaldet i bygget er framleis på diskusjonsstadiet.

– Me må gå nokre rundar før alt er endeleg på plass, både for å sjekke kva som er mogleg og kva dei ulike brukarane ønskjer. Så vil vi invitere til ein emisjon slik at Dalalåven AS får mange eigarar og det blir eit felles løft og eit felles prosjekt. Men det er enno langt fram, seier Hallén.

Til toppen