– Det å ha ein klar profil, og nytte språket som ein klar identitetsskapar betyr sjølvsagt mykje for meg som politikar, seier landbruksminister Jon Georg Dale.
Foto: Karoline Riise Kristiansen
– Det å ha ein klar profil, og nytte språket som ein klar identitetsskapar betyr sjølvsagt mykje for meg som politikar, seier landbruksminister Jon Georg Dale. Foto: Karoline Riise Kristiansen (Bilde: Karoline Riise Kristiansen)

Dale: Større marknadsdelar til vestlandsbonden

Bøndene på Vestlandet nord for Rogaland og i Trøndelag har sidan 2014 auka marknadsdelane sine for ku og sau, heilt i tråd med dei måla regjeringa har sett seg. 

Sogn: – Det skiftet vi her ser, er resultat av tydeleg politisk prioritering av vestlandsjordbruket og andre grasområde under denne regjeringa, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) og viser til grunnlagstala for jordbruksoppgjeret i år.

Mens marknadsdelane for mjølk, storfekjøtt og sau minka i dei tre nordlegaste vestlandsfylka i perioden 2006–2014, er trenden no snudd til vekst i marknadsdelane for Vestlandet, går det fram av statistikken.

På Vestlandet unntatt Rogaland har marknadsdelane for mjølk, storfekjøtt og sau auka med rundt 0,4 prosent i perioden 2014–2016. Trøndelagsfylka har tilsvarande utvikling for sau og litt svakare vekst for mjølk, mens marknadsdelen for storfekjøtt er auka med nesten éin prosent.

Trendskifte

Dale meiner tala reflekterer eit tydeleg trendskifte i landbruket i desse landsdelane etter at Høgre og Framstegspartiet tok over regjeringsmakta etter dei raudgrøne hausten 2013.

– Saman med avtalepartane i jordbruksoppgjeret har det vore eit mål for denne regjeringa å styrkje grunnlaget for ku og sau i grasområda, mellom anna på Vestlandet, og å stimulere til meir bruk av utmarksbeite. Samtidig har vi i enda sterkare grad stimulert til å dyrke korn og planteprodukt i andre delar av landet, der tilhøva ligg best til rette for det, seier landbruksministeren i ei pressemelding.

Dale viser elles til at bøndene dei siste tre åra har hatt over dobbelt så stor inntektsvekst som andre grupper, og at optimismen og investeringslysta rår i næringa, ikkje minst på Vestlandet.

Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, er frustrert over at regjeringa prøvar seg på ein omkamp med Stortinget.
Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, er frustrert over at regjeringa prøvar seg på ein omkamp med Stortinget. Foto: Hannah Kolås

– Svært spekulativt

Leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag reagerer på at landbruksministeren misbruker statistikken til å setje eigen politikk i eit gunstig lys.

– At denne regjeringa ønskjer å sole seg i glansen av denne utviklinga, er svært spekulativt, seier Bartnes.

– Dale legg fram tal som er plukka ut for å synleggjere ein positiv effekt på Vestlandet, men realiteten bak tala er ein annan: Vedtaka om å investere og utvide er tatt i 2012 eller 2013, og først tre år seinare kjem effekten av det. Det tar tid å gjere endringar i biologisk produksjon, og det er ikkje jordbruksoppgjera i 2014, 2015 og 2016 som er grunnlaget for tala, men andre forhold, seier Bartnes.

– Utslaga i statistikken er dessutan svært små, og det gjer det òg spekulativt å bruke dei som grunngiving for å vellykka politikk, meiner Bondelags-leiaren.

 (©NPK)

Til toppen