– Dette viser at dei viktigaste reformgrepa våre blir ståande, svarer landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) etter å ha sett listene frå dei to partia.
– Arbeidarpartiet og Senterpartiet har protestert for all verda, men blir med på ferda, konkluderer han.
Det er på oppfordring frå NTB at dei to partia trekker fram fem prioriterte saker dei vil endre ved ein valsiger.
Aps liste
Knut Storberget i Arbeidarpartiet lister opp desse fem prioriteringar:
- Stanse nedsalet av Statskog
- Ikkje vatne ut eller oppheve konsesjonslova
- Sikre jamnare fordeling av støtte til små, mellomstore og større bruk
- Gi betre rammer for auka konkurranse i daglegvaremarknaden – innføre lov om god handelsskikk
- Sikre konkurranse i meierisektoren
Sps liste
- Her er dei fem prioriteringane frå Senterpartiet:
- Løfte økonomien til små- og mellomstore bruk
- Stramme inn konsesjonslovgjevinga.
- Reversere nedlegginga av opplysningskontora
- Behalde marknadsbalansering og målpris på svineproduksjon
- Stramme inn jordvernet
Åtvaringar
Det skorta ikkje på åtvaringar frå dei raudgrøne då Frp tok over regjeringskontora. Resultatet er ille nok, men ikkje så gale som det var grunn til å frykte på førehand, meiner Geir Pollestad i Senterpartiet.
– Retninga er definitivt slik vi åtvara mot. Men heldigvis er fleire alvorlege angrep på jordbruket stoppa av Stortinget. Blant anna er tollvernet sikra og fleire jordbruksoppgjer endra, seier han.
– I tillegg har vêret og den låge renta skapt betre resultat enn forventa, tilføyer Arbeidarpartiets Knut Storberget.
Blir ståande
Landbruksministeren meiner listene til dei to partia fortel to historier:
– For det første at dei viktigaste reformgrepa blir ståande. Det er viktig. For det andre at Ap og Sp har ein reaksjonær politikk som vil føre til meir detaljregulering av jordbruket, lågare matproduksjon og mindre optimisme, hevdar Dale.
På spørsmål om det ikkje er sånn at regjeringas «viktigaste reformgrep» allereie er avvist av stortingsfleirtalet, svarer han avvisande.
Som eksempel på viktige reformgrep viser han blant anna til felles kvotetak og færre regionar innan mjølkeproduksjon i tillegg til høgare produksjonstak for kylling og kalkun. At grensa er fjerna for kor mange mjølkekyr, ammekyr, andre storfe og sauer eit enkelt føretak maksimalt kan få tilskot til, er også noko han trekker fram.
(©NPK)