TILTAK: Det er sett i verk tiltak for å hindre eventuell smittespreiing mellom villrein og tamrein. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK.
TILTAK: Det er sett i verk tiltak for å hindre eventuell smittespreiing mellom villrein og tamrein. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK. (Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK)

Dale varslar fleire tiltak mot skrantesjuke

– Det kjem snart forslag til fleire tiltak som kan vera med å hindra spreiing av den farlege dyresjukdommen skrantesjuke, varslar landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

  • Endret

Lærdal/Aurland: Meldinga kjem i form av eit skriftleg svar til stortingsrepresentant Rasmus Hansson frå Miljøpartiet Dei Grøne som har spurt statsråden om han kan garantera at det blir sett i gang tiltak raskast mogleg for å stoppa spreiing av skrantesjuke i Noreg.

Skrantesjuke er ein dødeleg og smittsam sjukdom som rammar hjortevilt. Sjukdommen blei første gongen påvist i Noreg i mars i fjor. Totalt er sjukdommen registrert hos tre villrein i Nordfjella villreinområde og to elg i Selbu.

Hansson peikar på at sjukdommen er ein kritisk trussel mot norsk natur og særleg mot villrein og at det er behov for raske og omfattande tiltak.

Forskrift på høyring

Landbruks- og matministeren skriv at det om kort tid vil bli sendt ut på høyring ei revidert forskrift med fleire tiltak som skal medverka til å hindra vidare spreiing. Den nye forskrifta erstattar ei mellombels forskrift som blei fastsett i fjor.

Dale minner elles om at det i samarbeid med veterinær- og miljøstyresmaktene er sett i verk særskilde tiltak for å avgrensa og hindra kontakt mellom villreinstamma i Nordfjella og tamrein og villrein i nærliggjande område. Det er mellom anna opna for både å jaga og fella villrein for å hindra smitte.

– Det er for tidleg å konkludera med omsyn til kva for ytterlegare tiltak som bør setjast i verk, men eg vil streka under at vi tek situasjonen alvorleg, og at vi vil følgja situasjonen tett og heile tida vurdera formålstenlege tiltak, skriv Jon Georg Dale.

(©NPK)

Til toppen