SURT TAP: Trass i godt spel gjekk Jotun/Åtil sitt damelag i 4.divisjon på sesongens fyste tap i ettermiddag. Foto: Fredrik Strømsnes
SURT TAP: Trass i godt spel gjekk Jotun/Åtil sitt damelag i 4.divisjon på sesongens fyste tap i ettermiddag. Foto: Fredrik Strømsnes

Damelaget kjempar i toppen av tabellen

Men etter kveldens 7 – 3 tap mot Jølster får Jotun/Åtil sitt damelag i 4.divisjon store utfordringar med å halde fysteplassen.

Det var duka for ein målrik kamp på Jotun stadion i kveld då Jotun/Åtil tok imot Jølster og sendte gjestane heim med tre poeng i bagasjen.

– Det er lenge sidan Årdal har hatt eit damelag som har gjort det så godt i serien. Det var vel nære på for nokre sesongar sidan, men då nådde me ikkje heilt opp. Det er klart at dette er ein imponerande prestasjon, fortel oppmann Kai Wigum.

Jotun/Åtil  tronar no øvst på tabellen, med berre ein kamp att å spele. Like bak ligg damelaget frå Sogndal, men med to kampar att å spele, kan laget frå Sogndal framleis passere Jotun/Åtil på tabellen.

Årdølene viste musklar
Førre gong Jotun/Åtil møtte Jølster var det eit lag med heilt andre spelarar, og Årdalslaget vann denne kampen 4 – 3.

I dag møtte Jølster med eit vesentleg betre lag, med fleire spelarar frå det gamle 2.divisjonslaget i Jølster. Dette hadde likevel ingen tyding for årdølene, som storspelte frå fyste minutt.

Kampen var ikkje meir enn 10 minuttar gamal før Maria Sviggum sette inn kampens fyste mål for heimelaget, og berre tre minuttar seinare auka Susanne Myrland leiinga til 2 – 0. Årdølene synte tidleg kva som var der beste laget.

Jamn kamp
Det var to jamne lag som møtte kvarandre på Jotun stadion fredag ettermiddag, og begge laga hadde gode taklingar og godt spel.

Artikkelen held fram under biletet

STORSPELTE: Anna Elise Nese (t.h) var banas yngste spelar i kveld, og den 15 år gamle jenta imponerte stort.
STORSPELTE: Anna Elise Nese (t.h) var banas yngste spelar i kveld, og den 15 år gamle jenta imponerte stort.

Laget frå Årdal møtte eit lag med vesentleg høgare gjennomsnittsalder i kveld, men heller ikkje dette vippa Årdølene av pinnen. Lagets yngste spelar, Anna Elise Nese, er ikkje eldre enn 15 år, men det unge talentet storspelte på stadion i kveld.

Siste halvdel av fyste omgang var det likevel Jølster som hadde kontroll på, og dei siste ti minuttane sette bortelaget inn to kjappe mål. Då laga gjekk til pause var stilling 2 – 2.

Jølster trakk det lengste strået
Andre omgang vart ikkje opna med eit brak, men det tok ikkje lang tid før spenninga bygde seg opp. 15 minuttar ute i andre omgang sette Sussane Myrland inn sitt andre for dagen,  og lagets tredje mål, men berre minuttet etter reduserte Jølster til 3 – 3.

Spenning og godt lagspel var det ikkje mangel på, og berre fem minuttar etter reduseringa sette Jølster inn sitt fjerde mål og gjekk dermed opp i ei eittmålsleiing. Med 20 minuttar att å spele var låg heimelaget under 4 – 3.

På same måte som i fyste omgang var deg Jølster som tok kontroll over siste del av omgangen, og sette inn to kjappe mål. Med eit kjapt og offensivt spel hadde bortelaget spelt seg til ei 6 – 3 leiing. Med to minuttar att på klokka scora bortelaget nok eit mål, og då dommaren blåste av kampen synte poengtavla 7 – 3 i favør av Jølster.

– Målet er å slå Sogndal
17 år gamle Vanja Øren er ein av spelarane på Jotun/Åtil sitt damelag, og under dagens kamp gjorde ho ein solid innsats i heimelaget sitt forsvar. Likevel var ikkje Øren heilt nøgd.

SKAL NÅ  MÅLET: Vanja Øren var ikkje heilt nøgd etter kveldens kamp, men vel å halde fokus på det viktigaste målet; å slå Sogndal i sesongens siste kamp.
SKAL NÅ  MÅLET: Vanja Øren var ikkje heilt nøgd etter kveldens kamp, men vel å halde fokus på det viktigaste målet; å slå Sogndal i sesongens siste kamp.

Øren fortel at ho ikkje heilt skjønar kva som skjedde med heimelaget utover kampen, og at det endelege resultatet var ganske surt.

– I dag hadde me problem med både pasningsspelet vårt og kommunikasjonen, men dette legg me frå oss og fokuserer på det som har vore målet heile sesongen, å slå Sogndal.

Neste, og siste, kamp for Jotun/Åtil er mot damelaget frå Sogndal, og går av stabelen fredag 12.juni på Sogndal stadion.

Jotun/Åtil stilte med følgjande lag:
Olaug Marie Aalen (kaptein), Marie Vinsand Wigum, Vanja Øren, Maria Sviggum, Anna Elise Nese, Anna Kvamsdal, Susanne Myrland, Jenny Hovland, Linn Løvdahl og Ida Jevnaker.

Til toppen