I SKOTLINJA: Ruth Marit Saur, Elin Fredheim, Marit vetti Grøndal, Linda Gilseth, Sissel Øy og Heidi Nytun gjorde ein heiderleg innsats på skytebana 2.juledag. Foto: Sunniva Øvstetun
I SKOTLINJA: Ruth Marit Saur, Elin Fredheim, Marit vetti Grøndal, Linda Gilseth, Sissel Øy og Heidi Nytun gjorde ein heiderleg innsats på skytebana 2.juledag. Foto: Sunniva Øvstetun

Damene i skotlinja

Tradisjon tru vart det også i år arrangert klubbmeisterskap for Farnes skyttarlag i Røti 2.juledag, men i år vart det gjort ein liten vri den tradisjonelle juleskytinga.

Årdal: I nesten 14 år har Farnes skyttarlag arrangert klubbmeisterskap 2.juledag, og i år møtte om lag 40 skyttarar opp for å kjempe om å vere den beste i sin klasse.

For å verte best er ein avhengig av eit godt støtteapparat og gode støttespelarar, men kva skjer når ein gir våpenet til dei viktige støttespelarane og ber dei konkurrere mot kvarandre?

Det var nettopp dette Farnes skyttarlag gjorde i år, og damene som elles stiller opp med bakeverk og syter for den gode stemninga, tok utfordringa på strak arm.

«Mødreskyting»

–Strikkeklubben gjorde det bra dei! Seier Glenn Vie medan han ler.

Med borna tilstade for å rettleie, konkurranselystne damer og mykje latter vart «mødreskytinga» underhaldande for både deltakarar og tilskodarar.

Vie fortel at «mødreskytinga» vart lagt inn på programmet for at dei som heller tek med seg bakeverk enn våpen på skytetrening, også skulle får prøve. Sjølv om mødrene truleg ikkje hadde fått medalje for prestasjonane sine, skryt Vie av dei og legg til at nokon av mødrene aldri har skutt tidlegare.

Skyting for alle
Ein av dei ansvarlege bak juleskytinga, Anders Grøndal, fortel at Farnes skyttarlag ha skyttarar i dei fleste aldrar, og at aldersspennet varierer mellom alt frå 7-10 år og til den eldste som per dags dato er 78 år gamal.

– For oss er den sosiale delen av skyting som sport veldig viktig, me ynskjer å gi eit tilbod til alle og alle skal føle seg velkomne hjå oss.

Storkosar seg på skytebana
Det gror godt i Farnes skyttarlag, og nokon av dei unge lovande skyttarane er Sara Vie, Maia Vetti Grøndal, Hanne Vikøren og Silje Vetti Grøndal. Dei har alle vore med på juleskytinga i fleire år, og held aktivt på med skyting resten av året.

Teksten held fram under biletet

TREFF BLINK: Sara Vie, Hanne Vikøren og Maia Vetti Grøndal brukar alle fleire timar i veka på skytebana.
TREFF BLINK: Sara Vie, Hanne Vikøren og Maia Vetti Grøndal brukar alle fleire timar i veka på skytebana.
NY PERS: Silje Vetti Grøndal sette ny personleg rekord under årets juleskyting.
NY PERS: Silje Vetti Grøndal sette ny personleg rekord under årets juleskyting.

– Eg elskar verkeleg skyting! Eg likar alt med det, spenninga, kjensla av meistring når eg gjer det bra, at det er så krevjande og sjølvsagt det gode miljøet, fortel Sara Vie.

Juleskytinga i år vart ein milepæl for Silje Vetti Grøndal som, med sine 248 poeng, sette ny personleg rekord. Til porten.no fortel ho at ho er veldig kry og nøgd med resultatet.

Til toppen