Foto: Arkiv
Foto: Arkiv

Damene med sin sjette siger på rad

Jotun/Åtil IL - Eid IL: 27-20

Jotun/Åtil spelte ein solid kamp mot Eid IL søndag ettermiddag. Trenar, Olafur Sveinson, seier at damene tok kontroll tidleg i kampen.

– I dagens kamp gjekk me tidleg i leiinga. I første omgang klarte me å lage fem til seks mål i målforskjell. Etter pausen gjekk me opp i sju til åtte i målforskjell. Da var løpet kjørt for heimelaget Eid. Andre omgang fekk vi sjansen til å prøve litt ulike formasjonar.

Damene spelte ein god kamp, og kampen enda 20-27.

Trenaren legg til at dette er svært positivt for jentene, som har vunne seks av seks kampar. 

– Dette var ikkje noko me kunne forestille oss for 3 månadar sidan. Laget har god progresjon i utviklinga, fortel Sveinson.

Les også: NY SIGER: – No er det kjekt å spele handball

Til toppen