Sogndal: Geir Bjarte Haukås starta å jobba i heimesjukepleien i Sogndal for snart nitten år sidan. Til saman har han hatt to mannlege kollegaer i faste stillingar, no er han åleine med over tretti kvinner på jobben.
– Eg stortrivst med heile høneflokken. Eg kan ikkje ha det betre, seier Haukås.
Då han nyleg runda førti år organiserte kollegaane ein fest for å visa kor mykje dei set pris å jobba med han. Då Haukås kom inn døra på jakt- og fiskehytta ved Sogndalselvi visste han ikkje kva som venta.
– Eg vart skikkeleg overraska. Eg hadde ikkje tenkt tanken i det heile tatt. Det er noko eg set stor pris på, seier han.
- Les også: Syver Olander (6) møtte idola: – Ein kjempeopptur for han
- Les også: Meiningar: Sjukepleie i framtidas Helse Førde

Kollega: – Kan vera at yrket er misforstått
Om han set pris på høneflokken, er det ikkje tvil om at gleda er gjensidig.
– Han er alltid positiv og hjelper til når det trengst. Han er ein me alltid kan ringa til, sjølv når han har fri så kjem han, om det er med pasientar eller bilane våre me treng hjelp. Han seier aldri nei til noko som helst, seier kollega Diana Teigen Fardal .
Ho meiner det trengst fleire mannfolk i yrket.
– Det har mykje og seia, både for miljøet og i arbeidet. No er han ganske sterk òg då, så han kan vere med å hjelpa å løfta tunge pasientar, blant anna. I tillegg er det greit å få eit mannleg syn på ting, for me tenkjer gjerne litt anleis, om det går an å seia det på den måten, seier ho.
Ho veit ikkje kva det er som gjer at ikkje fleire menn søker til heimesjukepleien for arbeid.
– Det er vanskeleg å seia. Det kan vera at yrket er litt misforstått, at dei gjerne tenkjer at at det berre er å passa på gamle folk. Men det er så mykje meir, seier ho.
Tykkjer arbeidsplassen er heilt topp
Haukås sjølv har ikkje noko god forklaring på kvifor han ikkje har fleire mannlege kollegaer.
– Det er vel ikkje så mange som har interesse for slikt. Det blir kanskje sett på som eit dameyrke, seier han.
Han trivst med å reisa rundt og prata med dei eldre. I tillegg har han ansvar for å halda arbeidsbilane ved like, noko som gir ekstra variasjon til arbeidskvardagen. Og når du i tillegg har kollegaer som set pris på deg, så er det lett å skjøna at han trivst på jobb.
– Det er heilt topp. Kan ikkje bli betre, seier han.