SJEFSTESTING: Karverimeister Nils Davidsen (frå venstre), produksjonssjef Rolf Møllhausen og assistenten hans Robert R. Bell prøverøykjer ei ladning tobakksblad frå Sør-Carolina i 1962. Foto: Aage Storløkken/NTB scanpix.
SJEFSTESTING: Karverimeister Nils Davidsen (frå venstre), produksjonssjef Rolf Møllhausen og assistenten hans Robert R. Bell prøverøykjer ei ladning tobakksblad frå Sør-Carolina i 1962. Foto: Aage Storløkken/NTB scanpix.

Dampande industri

Mange har tent til livsopphald i den norske tobakksindustrien. Som rullarar og sausarar, testarar og tvinnarar. Men i 2008 gjekk den siste tobakksjobben opp i røyk.

Rundt år 1900 var om lag 1.700 arbeidarar i jobb ved norske tobakksverksemder, og på 1950-talet gjekk over 20 tobakksfabrikkar for full damp – med ekstremt lukrativ drift. Men utanlandsk konkurranse og endra haldningar til «helsefremjande tobakk» skulle føre til at den glødande industrien kjølna og etter kvart slukna heilt.

Migrene og mote

Tobakken kom til Europa på byrjinga av 1500-talet, med Christofer Columbus. Men tobakksplanten var både kjent og mykje brukt i «den nye verda» lenge før Santa Marias mannskap sette sine europeiske føter på det amerikanske kontinentet.

Artikkelen held fram under biletet.

FABRIKK: M. Glotts Tobakkfabrikk produserte tobakk i Kristiania/Oslo i perioden 1895– 1948. Glotts største suksess var sigarettmerket «Speed». Her ser du tobakksarbeidarar ved fabrikken i 1925.
FABRIKK: M. Glotts Tobakkfabrikk produserte tobakk i Kristiania/Oslo i perioden 1895– 1948. Glotts største suksess var sigarettmerket «Speed». Her ser du tobakksarbeidarar ved fabrikken i 1925.

– Planten vart brukt både til læking av sjuke, som nytelsesmiddel og som del i religiøse sammenhengar, opplyser Gjertrud Sæter ved Norsk Folkemuseum.

Columbus' menn såg innfødde som både røykte, tygde og snuste tobakk. Då europearane tok tobakken med heim, var det snus i pulverform som vart mest populært. Den franske vitskapsmannen Jean Nicot – namnefaren nikotinet – introduserte tobakk for det franske hoffet. Katerina de' Medici, den italienske hertugdottera som seinare vart dronning i Frankrike, skal ha fått anbefalt snus mot migrene.

– Dermed vart det raskt mote ved resten av hoffet å snuse, og tobakksbruken breidde om seg, fortel Sæter.

Industri med privilegium

Då tobakksrøyken blåste nordover og kom til Noreg på byrjinga av 1600-talet, vart den eksotiske planten også her introdusert som lege- og nytelsesmiddel for fiffen. Og det var apoteka som først malte opp og selde tobakken.

– Trua på dei medisinske eigenskapane til tobakken var ein av grunnane til at bruken breidde om seg. I ei bok frå 1571 vert 36 sjukdommar nemnde som kunne kurerast med tobakk, blant anna podagra, kreft og tannpine, medan oska lækja sår og byllar, fortel Gjertrud Sæter.

Tobakken nådde snart ut til alle samfunnslag – både som snus, skrå og røykjetobakk. I 1778, då alle som ønskte å drive tobakksverksemd måtte søkje kongeleg privilegium, var det over hundre verksemder som fekk dette. Og med den auka tobakksbruken voks stadig fleire arbeidsplassar fram.

BARNEARBEID: Mange barn mellom 12 og 15 år hadde jobb i tobakksindustrien. Det var også vanleg at barn røykte. Her har avisgutar ei røykjepause i 1905.
BARNEARBEID: Mange barn mellom 12 og 15 år hadde jobb i tobakksindustrien. Det var også vanleg at barn røykte. Her har avisgutar ei røykjepause i 1905.

Kvinner, menn og barn

Blada på tobakksplanten vart importerte frå både Amerika og Afrika, men vart foredla lokalt. Først i liten målestokk – reservert sal til dei rikaste – og seinare som ein relativt stor håndverksindustri med ein større kundemasse. Det var mange forskjellige arbeidsoperasjonar som inngjekk i tobakksproduksjonen. Blada skulle blant anna tørkast og sausast (= smakstilsetjast), dei skulle tvinnast til lange rep og kappast i salbare stykke.

– Dei tunge oppgåvene var reservert menn, medan det lettare arbeidet, som pakking, vart utført av kvinner, fortel Dag Andreassen hos Norsk Teknisk Museum.

– I tobakksindustrien var det dessutan tilsett mange barn, og ungar mellom 12 og 15 år jobba gjerne på tobakksfabrikken både før og etter skuletid. Tobakksverksemdene, som stort sett låg i byane, gav ein populær og ganske godt betalt jobb til gutane, tilføyer han.

Maskinene overtar

Utover 1800-talet gjekk tobakksindustrien gjennom store endringar, og produksjonen vart etter kvart lagt om frå handarbeid til meir maskinell drift.

– Både sigarar og sigarettar vart rulla for hand i byrjinga, og rullarane kunne produsere opptil 2.000 sigarettar per dag. Frå 1880-talet overtok derimot maskinene, opplyser Dag Andreassen.

Det har heile tida vore tilsett mange kvinner som tobakksarbeidarar, og etter år 1900 var det fleire kvinner enn menn i industrien. Kvinnelønningane låg over snittet for kvinner i industrien elles, medan dei mannlege tobakksarbeidarane hadde ei dårleg lønnsutvikling fram mot midten av 1970-talet.

Artikkelen held fram under biletet.

KVINNEYRKE: Etter år 1900 var det fleire kvinner enn menn i tobakksindustrien, og kvinnelønningane låg over snittet for kvinner i industrien elles. Her ser du kvinner i arbeid ved Conrad Langaards tobakksfabrikk, rundt 1932.
KVINNEYRKE: Etter år 1900 var det fleire kvinner enn menn i tobakksindustrien, og kvinnelønningane låg over snittet for kvinner i industrien elles. Her ser du kvinner i arbeid ved Conrad Langaards tobakksfabrikk, rundt 1932.

Tobakk, nei takk

Etter 1970 fekk vi dei første lovreguleringar av tobakksbruk og -sal, med for eksempel tobakksskadelova og forbodet mot tobakksreklame i 1975. Seinare lovreguleringar gav Noreg ein av dei strengaste røykjelover i verda frå 2004.

– Endringar i tollreglane på 1960-talet gjorde det rimeleg å importere utanlandsk tobakk, og med strenge lover og haldningskampanjar frå og med 1970-talet var det slutt for den norske tobakksindustrien, seier Dag Andreassen.

Asbjørnsen i Kristiansand la ned produksjon i 2005, og Tiedemanns i Oslo la ned, som den siste, i 2008. Då var ein industriepoke i Noreg over.

Til toppen