HAN KJEM TIL LÆRDAL: Daniel Kvammen skal spele på årets Jordeplerock i Lærdal. Her frå då han var på bussturné og besøkte nettopp Lærdal i fjor sommar. Foto: Jan Christian Jerving.
HAN KJEM TIL LÆRDAL: Daniel Kvammen skal spele på årets Jordeplerock i Lærdal. Her frå då han var på bussturné og besøkte nettopp Lærdal i fjor sommar. Foto: Jan Christian Jerving.

Daniel Kvammen til Jordeplerock: – Eit stjerneskot i musikkverda

– Eg såg han live i fjor og vart heilt overvelda over kor flink han var.

Lærdal: Torgeir Skjerdal i Jordplerock smiler breitt når han fortel at den sjarmerande 28-åringen frå Geilo kjem til Lærdal denne sommaren. 

– Han er heilt strålande, og showet han lagar er kjempekult. Me er veldig glade for å få han til Lærdal no, seier Skjerdal.

Daniel Kvammen er aktuell med nytt album som haustar strålande kritikkar i Musikk-Noreg for tida. Artisten, som verkeleg gjorde seg kjend med låten «Du fortenar ein som meg», har sidan tatt Noreg med storm. 

Vil syna han fram for sogningane

I tillegg til å vera ein rasande flink artist, er han også ganske jovial og jordnær av seg. I tillegg syng han på dialekt, noko Skjerdal meiner er eit stort pluss.

– Det er så kult. Han er ei blanding av mange sjangrar. Sjølv om han er pop-artist, heller han litt mot country, men også litt mot elektronisk. Eg trur han vil falle i smak for mange. Han blir berre større og større, og me ønskjer å syna han fram for sogningane. 

Har ordna seg med festivalområde

Dette er den tredje artisten som er klar for årets Jordeplerock. Frå før er Vassendgutane og Innertier sleppt. I motsetning til tidlegare år, der dei har hatt minst éin skikkeleg stor artist eller gruppe, satsar dei breiare i 2017, noko som betyr fleire slepp framover.

– No ligg me plutseleg veldig bra an. Det har ikkje vore nokon løyndom at me har slitt litt med lokalisering, men det har ordna seg. Det er ei glede å seie at me skal vere på Lerum-området også i år, held Skjerdal fram. 

Campen er tilbake

Han kan også fortelje at festivalcampen kjem tilbake i 2017. 

– Campen skal tilbake, og me kjem til å halde fram med busstilbodet. Etter veksten i fjor, er me nøydde til å gi folk moglegheit til å koma seg til Lærdal, men også bli verande her. I fjor tilbydde me berre busstur heim att om natta.

Skjerdal hintar om at det vil koma meir nytt frå den kanten om kort tid. Billettane vert lagt ut for sal i midten av mars.

Til toppen