Dans utan grenser

Jubileumsframsyning Dans Utan Grenser

30. oktober kjem Dans Utan Grenser (DUG) sin fylkesturne til Årdal! Framsyninga er ein del av fylkesjubileet til DUG, dei feirar 10 år i fylket i år!
 Porten har tidlegare hatt ein artikkel om dei 5 unge danseinstruktørane som har starta Årdal Danseverkstad. Desse instruktørane skal vere med på denne fylkesturneen, dei har førebudd seg i eit heilt år til dette, og har hatt over 12 helgesamlingar med profesjonelle koreografar frå balletthøgskulen, Bårdar og Oslo Danseensemble!
Det kjem til å stå heile 100 dansarar på scena, dette er instruktørane i danseverkstadene frå 11 kommunar i Sogn og Fjordane! Våre 5 instruktørar er blant dei yngste av desse, men dei har imponert alle koreografane og dei andre instruktørane i fylket! Dei gler seg sjølvsagt veldig til å syne fram det dei har lært til heimkommunen sin, dei lovar eit gedigent show med flotte kostyme, stor variasjon i dansesjangrar og musikkval, og profesjonell lys og lyd. Det går lang tid mellom kvar gang årdølene får høve til å sjå tilsvarande show i eige kulturhus, og til og med få oppleve sine eigne ungdommar blant alle dansarane!

Årdal Danseverkstad deltek som «oppvarmingsband»!
 Årdal sin lokale danseverkstad er invitert til å delta med eit par innslag som ein «oppvarming» til jubileumsshowet! Per i dag er det heile 78 elevar i Årdal Dansveverkstad i alderen 6-12 år, og alle er inviterte til å vere med på opningsnummeret til jubileumsframsyninga!

Dei har felles trening onsdag 19. og onsdag 26. oktober i kulturhuset kl 16.30-17.30. Eg håpar Porten kan komme innom og ta nokre bileter, evt snakke med nokon av instruktørane og skrive om denne hendinga i nettavisa!
 

Til toppen