DANSEGLADE: Desse fem jentene har starta Årdal Danseverkstad og går for tida i løp for å bli danseinstruktørar. Framme f.v.: Sofie Øren, Thea Mathilde Øren Hove. Bak f.v.: Karoline Kvåle Låksrud, Sofie Veum Forthun, Karoline Molland Hjønnevåg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
DANSEGLADE: Desse fem jentene har starta Årdal Danseverkstad og går for tida i løp for å bli danseinstruktørar. Framme f.v.: Sofie Øren, Thea Mathilde Øren Hove. Bak f.v.: Karoline Kvåle Låksrud, Sofie Veum Forthun, Karoline Molland Hjønnevåg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dansar utan grenser

Desse fem jentene frå Årdal har dans som sin store hobby. No gjer dei ein piruett og utdannar seg til danseinstruktørar. 

Årdal: Sofie Øren, Thea Mathilde Øren Hove, Karoline Kvåle Låksrud, Sofie Veum Forthun og Karoline Molland Hjønnevåg er i alderen 12 til 14 år og elskar dans.

Men då både den tidlegare og nye danselæraren deira ikkje kunne ha dei lenger, kom «Dans utan grenser» på bana. Kompetansesenteret tok kontakt med rektor på kulturskulen i Årdal, Sigyn Øren, som igjen tok kontakt med dei danseglade jentene.

– «Dans utan grenser» hjelper oss med å bli danseinstruktørar. I haust skal me på turné saman med dansarar frå resten av fylket for å visa kva me har lært, fortel Låksrud. 

Underviser andre

No har dei fem jentene drive Årdal Danseverkstad heilt sidan i haust, og det er travle dagar. For parallellt med opplæringa, underviser dei også andre danseinteresserte born frå 3. til 6. klasse.

– Dette er ein verkstad for yngre folk. Me lærer andre å dansa, og så blir me med på oppvisningar og slike ting. Det varierer litt, men det er rundt 25 til 30 ungar som deltar. Me har som mål å få med fleire til hausten, seier Øren. 

I tillegg har dei eigentreningar, og i helgene deltek dei på treff saman med andre ungdommar i fylket som går det same løpet som dei sjølve. Då møtest dei på ulike stader i Sogn og Fjordane og dansar til krampa tar dei meir eller mindre.

Ung til ung-metodikk

I utgangspunktet var det Øren og Låksrud som dreiv med dans frå før, men i dans er det også mykje turn, og slik kom dei tre andre til i gruppa. 

– Me øver ein til tre gonger i veka, og så underviser me to gonger. Me har nøkkel til Agnitio-hallen slik at me kan trena når me vil, fortel Sofie Veum Forthun.

I «Dans utan grenser» er det ung til ung-metodikken som gjeld. Det vil seia at ungdom lærer vekk til andre unge. Erfaringar tilseier at ungdommar som formidlar ein bodskap til andre ungdommar har langt større effekt. 

Passa ikkje til tradisjonell idrett

På spørsmål om kvifor dans er så moro, og kvifor andre unge burde byrje med nettopp det, er svaret klart.

– Eg passa aldri inn til å spele fotball og handball. Eg har spelt fotball, men føler det ikkje er meg. Eg har alltid interessert meg for dans og føler eg har ein god rytme i kroppen, seier Låksrud. Dei andre nikkar samtykkande.

Ingen dans på roser

For dei som trur dansing ikkje er like hardt som fotball og handball, så kan jentene fortelja at dette er ingen dans på roser. 

– Ein brukar kroppen på ein litt annan måte, men ein blir like sliten. Du kan ikkje koma på dansetrening og tenkja at det ikkje blir hardt. Dersom ein gir 100 prosent, så blir du sliten, seier Øren. 

Jentene har alle draumer og tankar om å drive med dans også når dei blir eldre. Det som iallfall er sikkert, er at du kan sjå jentene i aksjon når dei også dansarar frå 13 andre kommunar i fylket skal ha oppvisning i Årdal den siste helga i oktober. 

Til toppen