TOPP FIRE: Fire av dei best leste sakene.
TOPP FIRE: Fire av dei best leste sakene. (Foto: Arkiv)

Danseband i Loen, rekordtal for bedrift og skattelistene. Fekk du med deg desse sakene?

Fem av dei best leste sakene på Porten.no gjennom veka.

Sogn: Har du ikkje fått med deg alt av nyheiter den siste veka? Fortvil ikkje, her får du kort oppsummert dei fem best leste sakene på Porten.no den siste tida.

Bygda opnar att, men Marita er framleis usikker på når ho skal opne dørene: – Folk går ikkje ut

Det er ikkje første gong koronakrisa sette kjeppar i hjula for den ferske kafeen langs Europavegen, men viruset har aldri vore så tett som i eiga bygd. 

VURDERER: Marita Mossestad vurderer om ho skal opne dørene att. Ho vil bestemme seg i løper av veka. Foto: Ola Weel Skram

– Folk har haldt seg heime. Når skulen og barnehagen stenger er det ikkje mange att i gatene, seier ho til Porten.no. 

Sjølv står ho bak disken på kafeen. Sjølv om lysa er påskrudd i kafeen, vitnar lappen på vindauget om at døra er stengd for besøkende. 

Mossestad er usikker på når ho kan fjerne lappen. 

Les heile saka her

PÅ TOPP: Eigar og toppsjef Irene Wergeland i industrikonsernet Wergeland Holding. Foto: Nicklas Knudsen / Pressefoto

Av 15 personar på topplista er kun tre av dei kvinner. Irene er ei av dei.

Denne veka kom skattelistene ut, og det viser seg at det er ekstreme forskjellar inntektene til menn og kvinner i Sogn.
 
Irene Perly Kjelby Wergeland er på inntekstoppen i Gulen kommune. I Høyanger er det kun ei kvinne på lista, og i Solund er alle 15 menn.
 
Les heile saka her 

Vreid: – Hadde me drive med band for økonomiske grunnar, så hadde me spelt dansebandmusikk på hotellet i Loen

Inntekene på skattelistene viser at det ikkje er så alt for lukrativt å leve av musikk i Sogn. Det er Årdals-bandet Vreid einige i.

FIN UTVIKLING: Vreid hadde eit normalt år i 2019 og fin økonomisk utvikling. I 2020 trur dei korona kan vise att i tala. Foto: Vreid

– Me har alle 100 prosent jobb ved sidan av bandet. Vreid er berre ein ekstra inntekt, seier Jørn Holen. 

2019 var eit normalår for bandet, men blant anna norgesturne, større turne i USA, og festival i Mexico. Vreid er ein eigen AS, og Holen seier selskapet har ei fin økonomisk utvilking. 

– Hadde me drive med band for økonomiske grunnar, så hadde me spelt dansebandmusikk på hotellet i Loen, seier han.

Les heile saka her

Rådyr sprang for livet på tre bein etter jeger skadeskaut

Jegerane trudde det var ein hjort dei skaut på, og var uheldig med å skadeskyte rådyret i foten.

SKADA: Det er ikkje mange rådyr i Fjærland, men folk i Supphelledalen hadde sett "Bambi" frå august i år. Foto: SNL

– Eine framfoten var skutt i stykker, så rådyret sprang på tre bein bortover. Dyret hadde nok ikkje skader i vitale deler av kroppen, så om dei ikkje hadde fått tak i dyret kunne det tatt eit par veker før det dø ein smertefull død, seier Andrè Øygard, fjærlending og grunneigar i Supphelledalen.

Les heile saka her

Agnitio utvider med kontor i Bergen

Arne Håkon Laberg meiner det er rett tid for selskapet å satse på nye lokale og tenester. Medan fleire næringsaktørar har hatt eit ufordrande år kan Agnition vise til rekordtal.

SATSAR: Arne Håkon Laberg er klar til å satse på nytt kontor i Bergen. Foto: Lidvar Berg

Laberg meiner Bergenskontoret vil vere med å gjere selskapet meir synleg, og legge til rette for meir vekst enn Årdalskontoret åleine vil få til. Han ser allikevel på Årdalskontoret som ein viktig brikke i møtet med potensielle kundar i Bergen.

Les heile saka her.  

Til toppen