Lærdal: – Me har eigentleg jobba med Jeff i mange prosjekt sidan me var tenåringar. Det fyrste prosjektet var musikalen Fame, og etter kvart som me blei ferdig utdanna fulgte han opp samarbeidet, seier Berit Einemo Frøysland.

Dansesøstrene frå Lærdal er med i førestillinga Jølster Hotell: – Fortel historia til utsette menneske
Regissøren bak prosjektet er Jeff Pedersen, og atter ein gong har han valgt å bruka dei røynde dansarane Anna og Berit Einemo Frøysland i ei teaterførestilling.