TIL ÅRDAL: Det danske grungerockbandet Dizzy Mizz Lizzy skal stå på scena torsdag under Målrock. Pressefoto.
TIL ÅRDAL: Det danske grungerockbandet Dizzy Mizz Lizzy skal stå på scena torsdag under Målrock. Pressefoto.

Dansk grungerock til Årdal

Medan lokale heltar bidreg med kortreist rock.

Årdal: Det danske bandet Dizzy Mizz Lizzy skal stå for underhaldninga torsdag under Målrock. Bandet er for tida Danmarks største rockeband og har det siste året spelt for ein halv million danskar.

I august kan dei også krysse av Årdal på turnélista si når dei skal gjeste Meiriparken og Målrock. I tillegg er det klart at dei lokale banda STUV og Raaskinn skal stå for kortreist kvalitetsmusikk.

Kort- og langreist rock

– Det er stas med både kort- og langreist rock, og me gler oss til dei to lokale banda får dele scene med andre og meir kjente artistar i august, seier festivalsjef i Målrock Katrine Clausen Fredheim i pressemelding.

– Begge banda lagar knakande god rockemusikk, dei byr verkeleg  på seg sjølve og vil garantert levere konsertopplevingar som ein seint vil gløyme. Dizzy Mizz Lizzy kjem òg til å skape gode opplevingar i Årdal i august.

Dizzy Mizz Lizzy, som består av Tim Christensen, Martin Nielsen og Søren Friis-Larsen, har samarbeidd tett med Jacob Hansen, som mellom anna har produsert fleire av platene til Volbeat, i produksjonen av nytt materiale, som det kom nytt av i 2016.

Albumplanar

STUV har lang fartstid i musikklivet i Årdal med røter tilbake til 1999. Allereie ved fyrste spelejobben framførte bandet eige låtmateriale i tillegg til coverlåtar, men det er ikkje før i seinare år at stuvane verkeleg har teke tak i låtskrivinga og produsera eigne låtar, jamt og trutt.

For tida jobbar dei med å spele inn låtane sine med Fredrik Haug Johansen som produsent. Albummet vil truleg bli klart rundt juletider i år. 

Eit temma Raaskinn

Det lokale bidraget ved årets Under Skåri-arrangement blir ingen ringare enn Raaskinn. Bandet har utmerka seg med fengande låtar og spenstige tekstar om livet i Årdal, spesielt den lokalsamfunnsaktuelle «Årdal-Tyin, stengt» har brent seg inn i sjela til det trufaste årdalspublikummet.

Bandet stod på scena i Meieriparken seinast i fjor, så i år har dei tenkt å presentere låtane sine i ei litt anna innpakking. Dei ønskjer å vise fram musikken sin på ein meir intim måte enn før, og ingen andre plassar enn Under Skåri høver seg betre.

Til toppen