FÅR KRITIKK: Aurland kommune får kritikk frå dansk vikarlege, som er misnøgd med at han måtte purra for å få løn. Framleis manglar han å få refundert 30.000 kroner for utlegg han har gjort. Rådmann Steinar Søgaard (til høgre) kan ikkje kommentera saka.
FÅR KRITIKK: Aurland kommune får kritikk frå dansk vikarlege, som er misnøgd med at han måtte purra for å få løn. Framleis manglar han å få refundert 30.000 kroner for utlegg han har gjort. Rådmann Steinar Søgaard (til høgre) kan ikkje kommentera saka. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun/arkiv)

Dansk vikarlege måtte purra for å få løn, åtvarar kollegaer mot å ta jobb i Aurland

Vikarlege Kamal Qureshi er langt frå nøgd med det månadslange opphaldet han hadde i kommunen. Verken rådmannen eller helsesjefen i Aurland vil kommentera saka.

Aurland: I april i år jobba danske Kamal H. Qureshi ved legekontoret i Aurland kommune. To veker etter at han kom tilbake i Danmark har legen enno ikkje fått pengar for utlegg eller ekstraarbeid, til saman over 30.000 kroner.

– No har eg forsøkt å kommunisera med dei ein månad utan å få svar, seier Qureshi.

Helsesjefen: – Det er ei personalsak

Quereshi seier han var lova å få løn straks etter vikariatet var avslutta. Dei kom på kontoen først to veker på etterskot, og etter fleire purringar. På det verste hadde legen minus på kontoen fordi han mangla 100.000 kroner i løn og refusjon for utlegg.

FRUSTRERT: E-postutvekslingar mellom Qureshi og kommunen viser at legen purra etter betaling for utlegg første gong 30. april. Her utdrag frå ein mail han sende etter å ha returnert til Danmark. Foto: Skjermdump

Den manglande betalinga og fråvær av kommunikasjon gjer at han no åtvarar andre legar mot å ta jobb i kommunen. 

– Dei har allereie problem med å få tak i legar. Det kjem dei framleis til å ha, spår legen.

Rådmann Steinar Søgaard seier han er klar over saka, men kjenner ikkje detaljane. Difor kan han ikkje uttala seg. Han viser til tenesteleiar Guri Olsen, som mellom anna har ansvar for legekontoret.

– Det er ei personalsak, så det kan eg ikkje uttala meg om, seier Olsen.

Vikarlegen tykkjer det er synd

Generelt har ho følgande kommentar til vikarar dei hentar gjennom vikarbyrå.

– Det er ei kjent sak at det kjem litt forskjellig. Det er ikkje alle legar ein er like godt nøgde med, seier ho.

Dansken tykkjer det er synd at bagatellar som løn skal øydeleggja, for han treivst med det meste andre med jobben, både plassen, dei hyggjelege pasientane og personalet på legekontoret.

– No seier eg til kollegane mine at dei ikkje bør reisa dit, for dei kjem ikkje til å betala deg. Det er synd, seier Qureshi.

Til toppen