FOLKETALSNEDGANG: Folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane får skulda for at kommunane kjem så dårleg ut i forslaget til statsbudsjett. Berre kommunane i Finnmark gjer det dårlegare. Foto: Skjermdump Fylkesmannen.no.
FOLKETALSNEDGANG: Folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane får skulda for at kommunane kjem så dårleg ut i forslaget til statsbudsjett. Berre kommunane i Finnmark gjer det dårlegare. Foto: Skjermdump Fylkesmannen.no.

Dårleg folketalsvekst gjev dystre tal for fylket

Folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane får skulda for at kommunane kjem så dårleg ut. 

Årdal/Lærdal: Berre Finnmark har ein svakare nominell vekst i frie inntekter enn Sogn og Fjordane. Fjordfylket har ein gjennomsnittleg vekst frå 2015 på 3,8 prosent. Tilsvarande for landet er 4,3 prosent.

Ein svak folketalsvekst for skulda for det. Martin Kulild hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane forklarar nærare.

– Det er hovudgrunnen. Andre grunnar er blant anna at me har ingen vekstkommunar i fylket, så fylket ville ha kome betre ut med det. Tidlegare hadde me Sogndal, Førde og Florø, men når ikkje dei kjem over grensa på 1,5 prosent for å få veksttilskot, så blir det gjennomsnittleg dårleg fordi andre fylke har gjerne ein til tre vekstkommunar.

Veksttilskotet blir styrka med 440,6 mill. kroner i 2016 ifølgje forslaget til regjeringa, og terskelen for å få tilskot vert redusert frå 1,6 til 1,5 prosent. Likevel er det altså ingen av kommunane i vårt fylke som får veksttilskot grunna utviklinga i folketalet.

Motivasjon for forebygging

Det er også andre faktorar som spelar inn, forklarar Kulild.

– Grunnen til at alle kommunar får pengar er for å løysa oppgåver. Det betyr at utgiftsbehovet som ein kommune har, er det statsbudsjettet skal dekka opp. Ein kommune som får mykje, har til dømes brukarar over 90 år. Det gjev høg utteljing. Det same gjeld PU-brukarar mellom 16 og 67 år.

– På den eine sida kan ein seia at det ikkje er attraktivt med veldig mange veldig gamle for då har du bruk for mange sjukeheimsplassar, men friske eldre er attraktivt. Det skapar motivasjon for forebygging. Då lykkast ein å skapa gode rammer, seier han. 

Får tilskot

Det er berre to kommunar som får høgare vekst i frie inntekter enn landssnittet. Det er Gloppen og Fjaler med høvesvis 5,1 og 5,2 prosent vekst. Tilsvarande tal for Årdal og Lærdal ligg på 4,2 og 2,7 prosent. 

Dei to kommunane i Indre Sogn får samstundes andre tilskot. Årdal får 7,2 millionar i distriktstilskot, medan Lærdal får 5,4 millionar i småkommunetilskot. 

Generelt for kommunane i fylket kan ein seie at ein truleg må ta ned på tenestene fordi folketalsutviklinga peikar i feil retning. 

– Det er krevjande, spesielt dersom ein må ta ned teneste for nokon som allereie har fått ei teneste er hardt, seier Kulild. 

Elles skal også forslaget til nytt inntektssystem sendast på høyring før jul. Her er det allereie klart at Sogn og Fjordane vil vera den store taparen dersom dette går gjennom. 

Ein fullstendig gjennomgang av kva forslaget til statsbudsjett vil bety for kommuneøkonomien finn du HER.

Til toppen