OPPGJER: – Denne politikken vil ikkje ivareta Vestlandsjordbruket og dei mindre gardane. Ein kan ikkje jobba gratis om ein skal drive landbruk, seier Aleksander Øren Heen (Sp). Foto: Arkiv. 
OPPGJER: – Denne politikken vil ikkje ivareta Vestlandsjordbruket og dei mindre gardane. Ein kan ikkje jobba gratis om ein skal drive landbruk, seier Aleksander Øren Heen (Sp). Foto: Arkiv. 

Dårleg nytt for jordbruket på Vestlandet

Aleksander Øren Heen (Sp) meiner tilbodet som staten kom med til bøndene denne veka vil vri jordbruket i feil retning. 

Lærdal/Årdal: Under ein pressekonferanse denne veka tilbydde regjeringa norske bønder 90 millionar kroner i jordbruksoppgjeret. Dette er 770 millionar kroner mindre enn det Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag kravde. 

– Summen er for dårleg om ein ønskjer å oppretthalde matproduksjon i heile landet, seier Heen. 

Les også: Staten tilbyr bøndene 770 millioner mindre enn kravet

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) kuttar dermed overføringane til bøndene med 70 millioner kroner.

Større og færre

I ei pressemelding frå Senterpartiet kjem det fram at tilbodet som regjeringa kom med denne veka, er eit hån mot norsk matproduksjon. 

– Retninga som regjeringa no går for vil medføra eit industrilandbruk med større gardar og færre einingar som ikkje ligg der ressursane er. Det er slik denne regjeringa gjer på fleire område, forklarar Heen. 

I utgangspunktet kravde bøndene 860 millionar kroner. 

Om ein skal utnytta beiteressursane i Sogn og produsera kjøt basert på det me har, må ein ha ein politikk som bidreg i den retninga. Det ser ein lite av i dette oppgjeret,  seier Heen. 

Sentralisering av jordbruk

Stortingsrepresentant for Senterpartiet og leiar av næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad, meiner staten sitt tilbod er langt vekke frå kravet frå landbruket. 

– Dette betyr at sentraliseringa av matproduksjonen held fram med uforminska styrke. Tilbodet er ein hån mot norsk matproduksjon og norske bønder. Senterpartiet meiner det er avgjerande viktig at landbruket sitt krav om å prioritere små og mellomstore bruk vinn fram, sier Pollestad.

Han meiner at regjeringa ikkje tek hensyn til dei klare føringane som Stortinget har gitt om å ha eit landbruk i heile landet. 

– Denne politikken vil ikkje ivareta Vestlandsjordbruket og dei mindre gardane. Ein kan ikkje jobba gratis om ein skal drive landbruk. Om ein ønskjer eit landbruk i heile Noreg som produsera nok mat, så burde regjeringa ha lagt seg nærare beløpet som bøndene kravde, seier Heen som kjem til å følgje spent med på forhandlingane framover. 

Staten kom med sitt tilbud onsdag 3. mai. Fristen for å bli ferdige er satt til 17. mai.

Til toppen