DÅRLEG SIKT: Slik ser det ut på Tyinosen måndag. Sterk vind og snøvêr kan føre til at vegen vert stengt på kort varsel. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
DÅRLEG SIKT: Slik ser det ut på Tyinosen måndag. Sterk vind og snøvêr kan føre til at vegen vert stengt på kort varsel. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Dårleg sikt i fjellet

Uvêr kan skapa trøbbel på fjellovergangane.

Årdal/Lærdal: Tidlegare måndag melde Statens vegvesen at fylkesveg 53 Tyin-Årdal kunne bli stengt på kort varsel på grunn av det dårlege vêret, men har førebels ikkje måtta senke bommen.

Det var kolonnekøyring ein liten periode på riksveg 52 Hemsedalsfjellet, men det er det ikkje no lenger. 

Rundt 17.00 sperrar to vogntog E16 over Filefjell. Dei to vogntoga har sklidd inn i kvarandre, får Porten.no opplyst av ein person på staden. 

Meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel for Vestlandet, der dei åtvara om at sterk vind og snøvêr kan gi lokalt vanskelege køyreforhold til fjellet. Utsette stader i fjellet kan vinden kome opp i liten storm, melder dei.

Til toppen