Sogn: Det dårlege vêr skapar utfordringar på fjellovergangane mellom aust og vest tysdag morgon. Ifølgje varselet kjem det heller ikkje til å betre seg utover dagen, snarare tvert imot.
Det har gjort at fylkesveg 50 Hol-Aurland vart stengt måndag kveld og er det framleis, melder Statens vegvesen i sine trafikkmeldingar.
På riksveg 52 Hemsedalsfjellet kan det bli innført kolonne på kort varsel, medan E16 Filefjell og fylkesveg 53 Tyin-Årdal er opne. På sistnemnde er det derimot redusert sikt på grunn av kraftig snøvêr tysdag morgon.
Har du tenkt til å trasse nedbøren og ut på tur i fjellet, bør du ha med deg at det er betydeleg snøskredfare i Indre Sogn og Jotunheimen.
– Unngå bratt terreng med ustabile nysnøflak. Forbigåande aukande temperatur og nedbør som regn kan medføre naturleg utløyste blaute skred, melder varsom.no.