Sogndal: - Vi arrangerte grilling på Britabu, der det var mulig å kjøpe god mat, kaffi og få gratis saft. I tillegg var det ein prest som holdt ein preik, fortel Kjetil Hilleren leiar i hjelpekorpset. – Dette er noko som vi har gjort i mange år, for å gi eit tilbud til folk som reiser til fjells.
Sjølv om det var meldt dårleg vêr var det mange som tok turen til Britabua. – Det var dårleg sikte og bra med vind, men det stoppa ikkje fjellfolka frå å komme. På ettermiddagen klarna det opp og fleire folk kom seg til bua, fortel Hilleren. – Ein ser at det ikkje alltid er nøye korleis vêret er, folk reiser på ski i påskeferien allikavel.
Les også: Dei skal sørge for tryggleiken i påskefjellet
Forholda er ikkje dei beste opp i fjella no, men opp i høgda er snøen god nok til å gå fine turar på ski i ferien. – Når det er lite snø der folk bur trur dei at det heller ikkje er noko snø på fjellet, men det stemmer ikkje. Så det er berre å komme seg ut, seier Hilleren. Røde Kors kjem til å vere tilstades gjennom heile påska på fjellet. Vi har vaktskifter, så vi er alltid tilgjengelig viss folk treng oss, avsluttar Hilleren.