DÅRLEGARE: Tre av fire lastebilsjåførar meiner radiodekninga med dab er dårlegare enn ho var med FM-nettet. Foto: Erlend Aas / Ntb scanpix / NPK
DÅRLEGARE: Tre av fire lastebilsjåførar meiner radiodekninga med dab er dårlegare enn ho var med FM-nettet. Foto: Erlend Aas / Ntb scanpix / NPK

– Dårlegare dekning med dab

Radiodekninga er dårlegare med dab enn med FM, meiner tre av fire yrkessjåførar i dei fylka der FM-nettet no er sløkt.

Det viser ei i undersøking som Norges lastebileierforbund (NLF) har gjort blant 125 NLF-medlemmer i Møre og Romsdal, Nordland, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. FM-nettet vart sløkt i Nordland 11. januar og i dei andre tre fylka 8. februar.

I undersøkinga seier over 75 prosent at dei opplever dab-dekninga som dårlegare enn det FM-dekkinga var. Særleg dårleg er dekninga i tunnelar og i folketomme strøk, mens somme òg melder om vêravhengig mottak. Sjåførane har registrert bortfall av dab på 60 strekningar i dei fire fylka.

To av tre meiner at den dårlegare dab-dekkinga går ut over tryggleiken.

– Yrkessjåførar er heilt avhengige av vêr- og føremeldingar for å ta seg trygt fram. No opplever mange at dei får færre trafikkmeldingar enn dei gjorde med FM-nettet. Det er spesielt i tunnelar og på fjellovergangane beredskapen er aller viktigast, og det er akkurat her dekninga sviktar mest. Det ser vi svært alvorleg på, seier administrerande direktør Geir Mo i NLF.
 

Til toppen